Ole Schrøder () var ein norsk jurist, embetsmann og politikar, fødd i Tønsberg.
Far til Schrøder var sorenskrivar. Sjølv vart han student i 1851 og cand. jur. i 1856. Frå 1859 var han overrettssakførar i Arendal, i 1884 vart han byfut i same byen.
Schrøder var ordførar i Arendal 1872-78 og 1880-84, og direktør i den lokale sparebanken 1875-86. Elles ei rekke kommunale verv.
På Stortinget 1877-87 representerte Schrøder byane Arendal og Grimstad på Stortinget. Perioden 1877-85 var han 1. representant for valkrinsen, dei siste to åra møtte han som varamann. Han vart friteken for å møte i 1888, og det vart då halde nytt val. 1877-85 var han medlem av næringskomite nr 1, sidan sat han i pensjonskomiteen.
Schrøder døydde i Arendal i 1892.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar for Arendal og Grimstad Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Ordførarar i Arendal Kategori:Norske juristar Kategori:Folk frå Tønsberg