Shakira Isabel Mebarak Ripoll, kjend som Shakira () er ein colombiansk komponist, plateprodusent og songar.
Shakira debuterte allereie i 1991 hjå plateselskapet Sony BMG med cd-en Magia. Salstala var beskjedne, men etter fleire cd-utgjevingar opparbeidde ho seg eit stort publikum i den spansktalande verda.
I 2002 gav ho ut sin fyrste cd på engelsk, Laundry Service. Denne vart ein av dei mestseljande platene det året, og Whenever, Wherever vart ein stor hit. Ho har vunne fleire Grammy-prisar i løpet av karrieren sin. I 2010 spelte ho inn den offisielle supportar-songen til VM i fotball 2010. Songen fekk namnet Waka Waka (This Time for Africa), og vart ein stor suksess.
Diskografi 1991 – Magia 1993 – Peligro 1996 – Pies Descalzos 1997 – The Remixes 1998 – ¿Dónde Están Los Ladrones? 2000 – MTV Unplugged 2001 – Laundry Service 2002 – Grandes Éxitos 2004 – Live & Off the Record 2005 – Fijación Oral Volumen 1 2006 – Oral Fixation Volume 2 2007 - Oral Fixation & Fijación Oral dubble pack m dvd 2009 - She Wolf 2010 - Sale El Sol
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Shakira» frå , og «Shakira» frå , den 5. august 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Colombianske songarar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Ivor Novello-prisvinnarar Kategori:USA-amerikanske The Voice-dommarar Kategori:Kvinnelege rockesongarar Kategori:Popgitaristar