Sergio Ramos García () er ein spansk fotballspelar som har spela for Real Madrid i spansk Primera Division og for det spanske landslaget. Han vart seriemeister i Spania med Real Madrid i 2007, 2008 og 2012 og vann den europeiske Meisterligaen med dei i 2014. I 2005, då han spelte for Sevilla, vart han kåra til årets nye spelar i La Liga.

26. mars 2005 debuterte han for A-landslaget i ein vennskapskamp mot Kina som 18-åring, og vart dermed den yngste spanske landslagsspelaren på 55 år. Året etter var han med i troppen til fotball-VM i 2006. I fotball-EM i 2008 var han fast på laget då Spania vart europameistrar. I fotball-VM i 2010 spelte han også frå start i alle sju kampane då Spania vart verdsmeistrar. I EM i 2012 spelte han igjen alle Spania sine seks kampar frå start til slutt, då dei igjen vart europameistrar.

Kategori:Spanske fotballspelarar Kategori:Real Madrid-spelarar Kategori:Sevilla-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2018