mini|Prolog mini|Jacopo Peri, i kostyme for framføringa av den første operaen, Dafne. Euridice (òg Erudice eller Eurydice) er ein opera av Jacopo Peri, med noko musikk av Giulio Caccini. Han vart først framført i Firenze den 6. oktober 1600 med libretto skriven av Ottavio Rinuccini, basert på Ovid sitt Metamorfoser.

Historie Operaen vart skriven for bryllaupet til Henrik IV og Maria de Medici. Dette vert av somme rekna for å vere den andre moderne operaen som vart skriven og den tidlegaste operaen som har overlevd fram til i dag. Den første, Dafne, òg av Peri, vart skriven i 1597.

Operaen vart først framført i Palazzo Pitti. Peri sjølv song hovudrolla og mange av dei andre rollene vart spelte av medlemmer i følgjet til Caccini, inkludert dottera Francesca Caccini. Caccini skreiv faktisk ein heil opera kalla Euridice til same libretto og fekk han publisert før Peri sin. Caccini sin opera vart derimot ikkje framført før 1602 og vart aldri framført på ny, truleg fordi Peri si utgåve vart særs populær.

Euridice inneheld nokre av dei første døma på resitativ. Peri set varsamt tempoet i stemma og akkompagnementet for å legge vekt på spaning og frigjering i teksten. Rytmane og melodiske vendingar i vokallinja imiterer tale. I tillegg er lidenskaplege utrop sett med uførebudde dissonansar og uventa bassrørsler.

Roller RolleRøystLa Tragedia sopranEuridice sopran Orfeo tenor Aminta, ein gjetar tenor Arcetro, ein gjetar kontraalt Tirsi, ein gjetar tenor Caronte bassDafne sopran Plutone bass Proserpina sopran Radamanto tenor Venere sopranNymfer og gjetarar, skuggar og guddommar frå dødsriket

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Euridice (Peri)» frå , den 17. juli 2010. oppgav desse kjeldene: William V. Porter. "Jacopo Peri", Grove Music Online, ed. L. Macy, grovemusic.com (krev abonnement). Howard Mayer Brown. "Euridice (i)", Grove Music Online, ed. L. Macy, grovemusic.com (krev abonnement).

Bakgrunnsstoff

Kategori:Operaer av Jacopo Peri Kategori:Musikk i 1600 Kategori:Operaer frå 1600-talet