Arjen Robben () er ein nederlandsk fotballspelar som har spela for Bayern München i tysk Bundesliga, og for det nederlandske landslaget. Han har vorte seriemeister i fire ulike land: I Nederland med PSV i 2003, i England med Chelsea i 2005 og 2006, i Spania med Real Madrid i 2008 og i Tyskland med Bayern München i 2010. Han vart kåra til årets unge spelar i Nederland i 2003 og årets spelar i Tyskland i 2010. I 2009/10-sesongen var han Bayern München sin toppskårar i Bundesliga, med 16 seriemål. Under fotball-EM i 2004 debuterte han for A-landslaget som innbytar i ein kamp mot Tsjekkia.
Kategori:Nederlandske fotballspelarar Kategori:Groningen-spelarar Kategori:PSV-spelarar Kategori:Chelsea-spelarar Kategori:Real Madrid-spelarar Kategori:Bayern München-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2004 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014