Mark Peter Gertruda Andreas van Bommel () er ein nederlandsk fotballspelar som har spela på midtbanen for Milan i italiensk Serie A, og for det nederlandske landslaget. Han har vorte seriemeister i tre ulike land: I Nederland med PSV fire gonger (2000, 2001, 2003 og 2005), i Spania éin gong med Barcelona (2006) og i Tyskland med Bayern München to gonger (2008 og 2010). Han var òg med på å vinna den europeiske Meisterligaen med Barcelona i 2006. I 2001 og 2005, medan han spelte for PSV, vart han kåra til årets spelar i Nederland. Van Bommel debuterte for A-landslaget 7. oktober 2000 i ein kamp mot Kypros, men fekk ikkje spelt i ei stor turnering før fotball-VM i 2006, då han var skada til fotball-EM i 2004. Han spelte alle Nederland sine kampar utanom éin under VM i 2006. I 2010 var han igjen med i Nederland sin VM-tropp, og spelte frå start.

Kategori:Nederlandske fotballspelarar Kategori:Fortuna Sittard-spelarar Kategori:PSV-spelarar Kategori:Barcelona-spelarar Kategori:Bayern München-spelarar Kategori:Milan-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012