mini|upright|Illuminert C i eit manuskript frå 800-talet. C er den tredje bokstaven i det latinske alfabetet. Han kan representera fleire lydar, særleg og .
På norsk blir han uttalt som s om han står framfor i, y, æ, ø og som regel framfor e, som k om han står framfor a, o, u og dei fleste konsonantar, og som (sj-lyden) eller om han står framfor h.
Historie Fønikisk gaml Arabisk ǧīm Hebraisk gimel Greek Gamma Etruskisk C Gammal-latin C (G)30px|Fønikisk gimel30px|Arabisk gim20px|Hebraisk gimel55px|Gresk gamma30px|Etruskisk C20px|Gammal latinsk C C har same opphav som bokstaven G. Semittane kalla han gimel. Bokstavteiknet deira er kanskje ei tilpassing av ein egyptisk hieroglyf for ei stav-slynge, som også kan ha vore tydinga til «gimel».
Bokstaven blei gjort om til gamma i det greske alfabetet. På fønikisk og gresk var lydverdien g. Etruskisk hadde ikkje denne lyden og brukte bokstaven for lyden . Den etruskiske bokstaven likna opphavleg på den greske (15px|Tidleg etruskisk C i tidleg etruskisk), men blei vend om til ein slags speglvend latinsk C i klassisk etrusksisk (15px|Klassisk etruskisk C) Den latinske forma tok form i klassisk latin. I tidlege latinske inskripsjonar brukte ein bokstavane C, K og Q til å stå for lydane og , som ein ikkje skilde mellom i skrift. Q blei brukt til lyden eller før ein runda vokal, K framfor A, og elles brukte ein C. Rester av denne bruken finst i latin, når namnet Gaius vert forkorta til C. og Gnaeus Cn. i skrift.
På 200-talet f.Kr. blei det innført ein modifisert utgåve av C for lyden (G), medan C blei brukt til lyden . Frå og med den klassiske perioden blei G rekna som tilsvarande gresk gamma og C som tilsvarande kappa, noko ein kan sjå i romaniseringa av greske ord som «KAΔMOΣ» (), «KYPOΣ» () og «ΦΩKIΣ» ().
Gjennom heile oldtida uttalte romarane C som /k/ føre alle vokallyder. Det forklarer at «» vart lånt inn i germanske språk med k-lyd: «Kaiser» eller «keisar», jamfør også latinsk cellarium (kjellar), cista (kiste) og liknande. Namnet på bokstaven hos etruskarane og romarane var ce, uttalt ke. Først frå tidleg i mellomalderen, vart han uttalt se.
No vert c uttalt føre e og i som tʃ på italiensk, som ustemt s på fransk, som ein lespande s-lyd på spansk omtrent tilsvarande engelsk th, men som s på spansk-amerikansk og på portugisisk og som tʃ på rumensk. Skal ein uttale c som s på fransk og portugisisk føre andre vokalar, skriv ein ç. Uttalen som k føre e og i vert på italiensk uttrykt ved ch, på spansk og portugisisk ved qu. I dei nordiske språka finst c berre i framandord og vert uttalt føre e, i, y, æ og ø som s, elles som k. Dei same reglane gjeld i engelsk, medan c føre e, i, y på tysk vert uttalt ts. I tsjekkisk, polsk, ungarsk, slovensk og kroatisk rettskriving har c lydverdien ts, i tyrkisk dʒ. C med hake, č, vert nytta i slaviske og baltiske språk og i samisk med lydverdien tʃ. Ord som ikkje finst under č, kan søkast under cz, tsch og tsj.
C har tydinga det kjemiske symbolet til karbon. eininga Coulomb, eining for elektrisk lading. symbol for elektrisk kapasitans og for varmekapasitet tredje beste karakteren (gjennomsnitt) i høgare utdanning tonen C På tyske bilskilt: Chemnitz På irske bilskilt: Cork På norske bilskilt frå før 1971: Akershus fylke På svenske bilskilt frå før 1973: Uppsala län På spanske bilskilt frå før 2000: La Coruña Som uoffisielt nasjonalitetsmerke for Catalonia forkorting for Gaius eller Caesar, på latin vanlegvis forkorting for Gaius. På romerske innskrifter og myntar er det mellom anna forkorting for Claudius, Caesar, consul og censor. i sement-nomenklatur forkorting for kalsiumoksid, CaO. inskripsjon på mynt syner på eldre prøyssisk mynt myntstaden Cleve, etter 1866 og på tysk riksmynt etter 1872 Frankfurt am Main. På austerriksk mynt syner C til Praha og på fransk mynt i eldre tid til Saint-Lô, seinare Caen og no Lille.
c har tydinga centi i til dømes centimeter. ofte nytta som symbol for lyssnøggleik og lydsnøggleik. konsentrasjon. symbol for metrisk karat, 1 c = 0,2 g, masseeining for perler, diamantar og edelsteinar. på mynter og frimerke eller liknande er det ei forkorting for cent, centavo eller centime.
Sjå òg C-vitamin Programmeringsspråket C
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «C» frå , den 19. februar 2015. Bakgrunnsstoff
Kategori:Det latinske alfabetet