Ahn Young-Hak () er ein nordkoreansk-japansk fotballspelar som har spela på midtbanen for Omiya Ardija i den japanske J-ligaen, og for det nordkoreanske landslaget.
Ahn vart fødd og voks opp i Japan av koreanske foreldre. Han gjekk på ein skule som ideologisk identifiserte seg med Nord-Korea. Han er nordkoreansk statsborgar, og har ikkje japansk pass.guardian.co.uk: Chosun one prepares for crucial qualifier (25. mars 2008)
Klubbkarriere I 2002 begynte han karrieren sin som profesjonell fotballspelar i den japanske andredivisjonsklubben Albirex Niigata, der han var med på å vinna opprykk i 2003. Før 2005-sesongen gjekk han til Nagoya Grampus Eight, før han drog til Sør-Korea og Busan I'Park i K-ligaen i 2006. Frå 2008 til 2009 spelte han så for Suwon Samsung Bluewings, også i K-ligaen, der han var med på å vinna seriemeisterskapen i 2008 og cupen i 2009. I 2010 vende han attende til Japan og førstedivisjonsklubben Omiya Ardija.
Landslagskarriere Ahn har spelt for Nord-Korea sitt landslag sidan 2002. Under kvalifiseringa til fotball-VM i 2006 spelte han i fem kampar, og i 2008 spelte han for Nord-Korea i austasiameisterskapen. Elles spelar han sjeldan i landskampar utanom offisielle FIFA-kampar. Under den vellukka kvalifiseringa til fotball-VM i 2010 spelte han 13 av kampane, og var ein av hjørnesteinane på laget.fifa.com: Korea DVR zurück auf der Weltbühne (16. okt. 2009)
Fotnotar
Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå tysk wikipedia 8. juni 2010.
Kategori:Nordkoreanske fotballspelarar Kategori:Japanske fotballspelarar