Lorentz Angell () var ein norsk prest og stortingsrepresentant.

Angell var son av soknepresten til domkyrkja i Trondheim. Han gjekk ut av Trondhjems Latinskole, der han var elev av Søren Monrad. Examen artium tok han i 1795 og teologisk embetseksamen i 1799. I 1804 vart han utnemnd til aftansongprest og rektor ved skulen i Tønsberg. Ni år seinare vart han sokneprest til Kvernes på Nordmøre, og i 1817 dessutan prost over Nordmøre prosti. I 1827 vart han utnemnd til sokneprest i Melhus. Året etter vart han residerande kapellan ved domkyrkja i Trondheim, i 1846 sokneprest i same. Han tok avskjed i 1860.

Angell representerte Kristiansund og Molde på det overordentlege stortinget i 1814. Han var innvald for Trondheim til Stortinget 1833, men grunna sjukdom møtte han ikkje.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bokmålswikipedia

Kategori:Stortingsrepresentantar for Trondheim og Levanger Kategori:Stortingsrepresentantar for Kristiansund Kategori:Stortingsrepresentantar 1814 Kategori:Stortingsrepresentantar 1833-1835 Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Trondheim