Pandsjabi eller panjabiNormerte namn på norsk, jf. Protokoll fra styremøte 24. februar 2021, sprakradet.no (panjabi ਪੰਜਾਬੀ [paṃjābī], nokre gonger skrive punjabi), høyrer til den indoariske greina av indoeuropeiske språk og blir snakka av folk i Panjab-regionane i India og Pakistan. Det har over 90 millionar talarar, og er dermed verdast ellevte mest tala språk.

Panjabi er det heilage språket i sikhismen og det er det viktigaste språket for populærmusikksjangeren bhangra.

mini|venstre|Ordet «panjabi» skrive med gurmukhi og shahmukhi.

Panjabi kan skrivast med tre ulike skriftsystem: Gurmukhi, som er spesiallaga for språket, sjahmukhi, som er ei tilpassa utgåve av det arabiske alfabetet, og devanagariskrift, som òg blir brukt for hindi.

India Panjabi er det offisielle språket i den indiske staten Panjab og blir òg tala i granneområde som Haryana og Delhi.

Pakistan

Sjølv om kring halvparten av innbyggjarane i Pakistan har panjabi som morsmål, har språket ikkje offisiell status der og blir heller ikkje bruka i utdanninga. Panjabi-språklege pakistanarar brukar vanlegvis anten urdu eller engelsk i formelle samanhengar som offentleg styring, aviser og utdanning. Dette har ført til ein del misnøye blant det panjabi-språklege fleirtalet i Pakistan — eit fleirtal på 60 % om ein reknar med den nærskylde dialekten siraiki som blir tala kring den historiske byen Multan.

Andre land Panjabi blir tala som innvandrar- og minoritetsspråk i mange land, inkludert Afganistan, Storbritannia, USA og, ikkje minst, Canada: I Canada er panjabi det sjette største språket med 271 220 menneske som brukar det som daglegspråk.

Sikhismens heilage språk Panjabi er det heilage språket i sikhismen, og sikhanes heilage skrift Guru Granth Sáhib er hovudsakleg skriven på panjabi og med gurmukhiskrift.

Bruk i bhangramusikken Den populære populærmusikksjangeren bhangra, som i dei siste åra har vorte svært populær både i Sør-Asia og andre stader, har i all hovudsak tekster på panjabi.

Viktige forfattarar Waris Shah Jaka Shah Bulleh Shah Hashim Sultan Bahu Shiv Kumar Batalvi Amrita Pritam Kartar Duggal Mohan Singh Pash Sahin Nashin Jahui Gurbaksh Singh Preetlari Nanak Singh Ilyas Ghumman Saadat Hasan Manto Surjit Patar Bhai Veer Singh Dhani Ram Chatrik Gurdial Singh Sohan Singh Seetal Sant Singh Sekhon

Kjelder

Bakgrunnsstoff

A look at the variety on offer in panjabi language and culture Punjabi dictionary Punjabi Computing Resource Centre Academy of the Punjab In North America (APNA) Free online Diaspora Punjabi (Gurmukhi) lessons Learn Gurmukhi - Sound and Graphics Punjabi Language and Literature Peoples and Languages in Pre-Islamic Indus Valley Ethnologue - Languages of India Ethnologue - Languages of Pakistan

Kategori:Indoariske språk Kategori:Språk i India Kategori:Språk i Pakistan Kategori:Tonespråk Kategori:Sikhisme Kategori:Sikhar Kategori:Panjabi Kategori:Panjab Kategori:Einskildspråk