Norman Kingsley Mailer () var ein amerikansk forfattar.

Mailer er fødd i Long Branch i New Jersey og voks opp i bydelen Brooklyn i New York. Fram til han vart innkalla til militærteneste studerte han byggjeteknikk ved Harvard-universitetet.

Erfaringane han gjorde som soldat ved stillehavsfronten i den andre verdskrigen tok han føre seg i den første romanen sin, The Naked and the Dead. I seinare verk er vilje til å nytte vald og seksuelle nevrosar sentrale tema. Mailer høyrte til den amerikanske politiske venstresida, og vart med tida ein skarp kritikar av det amerikanske samfunnet. For reportasjen om den amerikanske protestrørsla mot Vietnamkrigen; Armies of the Night fekk han i 1969 Pultizer-prisen. I 1980 fekk han igjen prisen for The Executioner's Song, ein «sak-roman» om avrettinga av ein mordar.

Mailer gav i 1973 ut ein biografi om Marilyn Monroe. Biografien var i utgangspunktet planlagd som eit essay, men utvikla seg til ein slags romanbiografi samansett av dels fakta dels fiksjon. Seinare gav han ut biografiar om Pablo Picasso og Lee Harvey Oswald.

Utover dette har Mailer vore kanditat til stillinga som borgarmeister i New York i 1969, og til tider leiar for den amerikanske delen av skribentsambandet Pen-Club på 1980-talet. Han har òg regissert fire filmar.

Norman Mailer har vore gift seks gongar, og har ni born. Han var busett i Provincetown i Cape Cod.

Verk (utval) Romanar 1948 - The Naked And The Dead 1951 - Barbary Shore 1955 - The Deer Park 1957 - The White Negro 1965 - An American Dream 1968 - Armies Of The Night 1971 - Maidstone 1974 - Watching My Name Go By 1976 - Genius And Lust 1980 - Of A Small And Modest Malignancy 1980 - Of Women And Their Elegance 1981 - Black Messiah 1982 - After The White Negro 1983 - Ancient Evenings 1984 - Tough Guys Don't Dance 1991 - Harlot's Ghost 1997 - The Gospel According To The Son

Biografiar 1973 - Marilyn: Biography Of Marilyn Monroe 1994 - Marilyn: The Classic Films 1994 - Portrait Of Picasso As a Young Man 1995 - Oswald's Tale

Ymse 1967 - Why Are We In Vietnam? 1971 - The Prisoner Of Sex 1971 - Of A Fire On The Moon 1979 - The Executioner's Song 1985 - Huckleberry Finn: Alive at 100 2003 - Why Are We At War?

Filmar

Regi og manus 1968 - Wild 90 1968 - Beyond the Law 1970 - Maidstone 1987 - Tough Guys Don't Dance

Bakgrunnsstoff Nekrolog i Washington Post

Kategori:Folk frå New Jersey Kategori:USA-amerikanske forfattarar Kategori:Pulitzerpris-vinnarar Kategori:Døde av nyresvikt