Serge Akakpo () er ein togolesisk fotballspelar. Han har spela i forsvar for Vaslui i den rumenske fotballigaen og for landslaget til Togo.
Akakpo begynte fotballkarrieren sin i fotballakademiet til Auxerre i Frankrike. Han debuterte for Auxerre sitt førstelag i juli 2007. Han fekk tre kampar for Auxerre før han gjekk gratis til Vaslui i den rumenske toppdivisjonen i januar 2009.
Akakpo spelte på U17- og U20-nivå for Frankrike sitt landslag, og deltok i U17-VM i 2004 for Frankrike. På A-landslagsnivå valde han å spela for Togo, og debuterte for dei 10. september 2008 i ein kamp mot Zambia. Han spelte fleire VM-kvalifiseringskampar for Togo til VM i 2010. Han vart òg teken med i troppen til Afrikameisterskapen i Angola i 2010. 8. januar 2010 vart Akakpo treft av to kuler i beinet då bussen til det togolesiske landslaget vart angripe av terroristar i Cabinda i Angola.
Kjelder Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 10. mai 2010.
Kategori:Togolesiske fotballspelarar Kategori:Auxerre-spelarar Kategori:Vaslui-spelarar