Martin Mere er ein innsjø nær Burscough i Lancashire i England på West Lancashire kystslette. Innsjøen er eit stort myrområde som før det vart drenert var den største ferskvassjøen i England.Martin Mere: Lancashire's Lost Lake, W. G. Hale og Audrey Coney. Liverpool: Liverpool University Press, 2005.
Historie Martin Mere vart danna ved slutten av den siste istida, då vatn fylte senkingar i terrenget. Sidan den gong har vassnivået falle og stige. I 1692 starta Thomas Fleetwood frå Bank Hall å grave ein kanal for å drenere innsjøen. Det vart gjort vidare forsøk på å drenere innsjøen i 1780-åra, men det var først på midten av 1800-talet at dreneringa starta effektivt ved hjelp av dampdrivne pumper. Gardar og handelsgartneri vart oppretta i det rike, tørrlagte jordsmonnet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Martin Mere» frå , den 28. mars 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Innsjøar i England Kategori:Geografi i Lancashire