mini|Kart som viser dei 20 arrondissementa i Paris. Arrondissement (fransk, frå , av , ‘gjera rund’) er ei administrativ inndeling som vert brukt i Frankrike og dei fleste tidlegare franske koloniane. Ho vert òg brukt i ein del fransktalande land, som Belgia, Sveits, Benin, Canada, Haiti, Marokko og Senegal. Nederlandskspråklege land kan nytta «arrondissement» om ei juridisk inndeling.
Ein by, kommune eller eit departement kan vera delt inn arrondissement.
Frankrike er delt inn i 332 arrondissement, der 3 av dei er oversjøiske (2024). Dei tre mest folkerike kommunane i Frankrike er delte inn i til saman 45 arrondissement – Paris har til dømes 20 arrondissement, og desse fungerer som ein slags bydelar.
Kjelder
«Arrondissement» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 27. mars 2010.
Delar av denne artikkelen bygger på «Arrondissement» frå , den 3. august 2024.
Kategori:Administrative område Kategori:Franske ord og uttrykk