Piz Languard er eit 3 262 meter høgt fjell aust for Pontresina i Engadin, i kantonen Graubünden i Sveits.

Grannefjell i sør er Piz Albris. I nordvest reiser Piz Muragl seg. Mot sørvest stuper fjellet bratt ned i Val Bernina mot Pontresina. Nord for og aust for Piz Languard ligg Val Prüna, ein sidedal til Val Chamuera.

Fjelltoppen er grei å kome seg opp på. Straks under fjelltoppen ligg fjellhytta Chamanna Georgy, 3 175 meter over havet. Hytta er oppkalla er ein målar frå Leipzig, Wilhelm Georgy. Ein stolheis går frå Pontresina opp til Alp Languard, 2 330 moh.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Piz Languard» frå , den 21. mars 2010.

Bakgrunnsstoff Georgy's Hütte hikr.org: Piz Languard

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Graubünden