Shapinsay er ei øy i Orknøyane utanfor nordkysten av Skottland. Det er éin landsby på øya, Balfour som har ferjesamband til Kirkwall på Orkney Mainland. Balfour Castle, bygt i skotsk baronistil, er ein av dei største attraksjonane på øya og eit minnesmerke etter familien Balfour som levde her på 1700- og 1800-talet. Familien Balfour omforma livet på øya ved å innføre nye jordbruksteknikkar. Andre landemerker er ein ståande stein, ein broch frå jernalderen og ein saltvassdusj.
Øya har eit areal på 29,5 kvadratkilometer og er den åttande største øya i Orknøyane. Ho er låg og frodig og det meste av ho vert nytta til jordbruk. Shapinsay har to naturreservat og er kjend for fuglelivet. mini|venstre|Mor Stein, ein ståande stein I 2001 hadde Shapinsay 300 innbyggjarar. Økonomien på øya er hovudsakleg basert på jordbruk, bortsett frå nokre små føretak som hovudsakleg er basert på turisme. Det er planar om å byggje vindturbinar på øya.
Namnet på øya er ikkje like enkelt å tolke som mange av dei andre øynamna i Orknøyane. Den siste stavinga 'ay' kjem frå norrønt for øy, men dei to første stavingane er meir vanskeleg å tyde.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Shapinsay» frå , den 20. mars 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Shapinsay Development Trust Shapinsay på nettsida til Undiscovered Scotland
Kategori:Øyar i Orknøyane