Before the Flood er eit konsertalbum av Bob Dylan og The Band gjeve ut i juni 1974 på Asylum Records. Det nådde tredjeplass i USA, åttandeplass i Storbritannia og sjetteplass i Noreg.

Historie Sjølv før turneen starta var det planlagt eit konsertalbum. Mange songar frå konsertane vart spelte inn. Då det var tid for å sette saman albumet vart dei fleste av innspelingane tekne frå dei tre siste konsertane i Los Angeles Forum i Inglewood i California. Etter at turneen var over, vart Rob Fraboni og Phil Ramone leig inn for å redigere og mikse innspelingane, som òg var henta frå konsertane i New York City, Seattle og Oakland.

Tittelen på albumet trur ein kjem frå romanen Farn Mabul av den jiddiske forfattaren Sholem Asch. Dylan var ein ven av Moses Asch, sonen til Sholem og grunnleggjaren av Folkways Records, eit plateselskap som hadde stor innverknad på Dylan tidleg i livet hans. Ein annan teori er at tittelen (som tyder «før flaumen») på albumet syner til at konsertalbumet kom ut før den uungåelege flaumen piratopptak kom ut på marknaden.

Det vart gjeve ut som eit dobbeltalbum på selskapet til Dylan, Asylum Records. Dette førte til strid med The Band, som på denne tida kjempa for å samle inn nok materiale for å fullføre kontrakten deira med Capitol Records.

Before the Flood fekk generelt positiv kritikk og ei kritikarrøysting i Village Voice, Pazz & Jop for 1974 plasserte albumet på sjetteplass.

Innhald

Medverkande Bob Dylan: gitar, munnspel, piano, vokal Garth Hudson: Lowreyorgel, clavinet, piano, synthesizer, saksofon Richard Manuel: piano, elektrisk piano, orgel, trommer, vokal Robbie Robertson: elektrisk gitar, vokal Rick Danko: bass, fele, vokal Levon Helm: trommer, mandolin, vokal

Produksjon Rob Fraboni – lydteknikar, miksing Phil Ramone – lydteknikar Nat Jeffrey – miksing Barry Feinstein – fotografi, design Village Recorders – miksestudio Kendun Recorders – studio for mastering Jeff Rosen – produsent for nyutgjeving Steve Berkowitz – produsent for nyutgjeving

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Before the Flood» frå , den 19. mars 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Konsertalbum frå 1974 Kategori:Asylum Records-album Kategori:Konsertalbum av Bob Dylan Kategori:CBS Records-album Kategori:Samarbeidsalbum Kategori:Columbia Records-album Kategori:Island Records-album Kategori:The Band-album Kategori:Album spelte inn i The Forum