Alf Rolfsen () var ein norsk kunstmålar, son av lesebokredaktøren Nordahl Rolfsen. Alf Rolfsen vert i dag rekna som ein av de leiande målarane av fresker og monumentalmåleri i mellomkrigstida. Saman med Axel Revold og Per Krohg vert han rekna som ein av dei tre «freskobrørne».

Alf Rolfsen vart fødd og voks opp i Oslo. Etter fullført examen artium i 1913 fòr han til København for å utdanna seg til arkitekt, men vart i staden innskriven på Kunstakademiet i København som målarstudent under Viggo Brandt og Peter Rostrup Bøyesen til 1916. Han debuterte på Efteraarsudstillingen i København i 1916, og studerte deretter i Paris i åra 1919–20. Her vart han influert av kubisme og den franske målaren André Derain, og heldt si fyrste separatutstilling i Kunstnerforbundet i 1920. Dette året gifte Rolfsen seg med Ingrid Platou, som vart kona hans resten av livet. Rolfsen føretok seg forøvrig mange studiereiser, særleg til Frankrike og Italia.

Freskoarbeida som Rolfsen stod for var svært detaljrike, fulle av litterære tema og symbolikk. Ved sida av dei mange freskene og måleria Rolfsen skapte i løpet av livet sitt, illustrerte han òg barnebøkene til far sin, Nordahl Rolfsen, samt eventyr av Asbjørnsen og Moe. Han forfatta òg nokre bøker som omhandla målarkunst sjølv, mellom dei ein biografi om Thorvald Erichsen, utgjeven i 1931.

Alf Rolfsen påtok seg òg fleire verv i kunstnarorganisasjoner, mellom anna som formann i Kunstnernes Hus i to økter. Han vart riddar av den svenske Nordstjerneordenen i 1937, fekk Kongens fortenestmedalje i gull tildelt i 1950, Prins Eugen-medaljen i 1951, vart utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden i 1955 og fekk både Norsk kulturråds ærespris og St. Hallvardsmedaljen i 1971.

Verk

Fresker Telegrafbygningens ekspedisjonshall, Kongens gate 21, Oslo, 1922 Laugssalen, Oslo Håndverks- og Industriforening, Rosenkrantz gate 7, Oslo, 1924–26 Historien, 1927, Hersleb skole, Oslo Byen, 1929, Ullevål sjukehus, Oslo Sverdet og liljen, 1929–30, Stiklestad kyrkje Vestre krematorium, Oslo, 1932–37 Arbeidets Norge fra de drivende garn til skovene i øst, Okkupasjonsfresken og St. Hallvard (Byen), Sentralhallen, Oslo rådhus, 1938–50 Havets rikdommer og Årets gang gjennom dyrekretsen, Haugesund rådhus, 1952–54 Ullensaker kirke, 1958 Wilh. Wilhelmsens rederi, Olav V's gate 5, Oslo, 1961 Peer Gynt-freske 1967, Hansa-salen, Hansa bryggeri, Bergen

Måleri (eit utval) Spansk danserinne, 1919, Kilden, 1926, Gruppe, 1931, Brødrene Nordahl og Harald Grieg, 1931, Vinternatt utenfor Oslo, 1931, Statens Museum for Kunst, København Den store stasjon, 1932, kartong til Kongeteppet, 1955, Det Kgl. Slott, Oslo dekorasjon, Fylkessykehuset, Kristiansund, 1956 Hammerfest, 1960, Findus AB, Eslöv, Sverige Selvportrett. Speil, 1962,

Kjelder

Alf Rolfsen i Store Norske Leksikon Utdjupande artikkel om Rolfsen skriven av Glenny Alfsen for Norsk Biografisk Leksikon Kunstsamlinga til UiO med ein kort biografi og eit måleri laga av Rolfsen. Måleri av Rolfsen på artnet]

Bokmålswikipedia om Rolfsen.

kategori:Kunstnarar frå Oslo kategori:Norske målarar kategori:Kongens fortenestmedalje i gull kategori:St. Hallvard-medaljen kategori:St. Olavs Orden kategori:Vinnarar av Norsk kulturråds ærespris