Barrel of Butter («Smørtønna») er ei klippe i Orknøyane. Ho består av gammal raud sandstein frå devontida. Det finst ikkje jord på klippa.Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
Ho ligg i Scapa Flow, mellom Mainland og Cava. I nord ligg Orphir og i sør Flotta.
Historie Klippa har ikkje fått namnet sitt etter forma eller plasseringa, som ofte er tilfelle, men frå den årlege leiga som vart betalt for klippa av innbyggjarane på Orphir. For ei tønne med smør kvart år, fekk dei løyve frå den lokale godseigaren å jakte sel på klippa.
21. juni 1919 vart fleire tyske skip bora i senk i farvatnet mellom Barrel of Butter og Cava, mellom anna «Bayern», «Markgraf», «Köln», «Dresden» og «König». Somme av desse er populære dykkemål.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Barrel of Butter» frå , den 7. mars 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Øyar i Orknøyane Kategori:Smør