Garbh Eilean er ei øy i Shiant Isles sør i the Minch på vestkysten av Skottland.
mini|venstre|Garbh Eilean frå Eilean an Taighe mini|venstre|Strand mellom dei to hovudøyane i Shiants Isles (Garbh Eilean og Eilean an Taighe)
Geologi Geologisk setter øyane eit framhald av Trotternishhalvøya på Skye. Bergartane her er vulkanske og om lag 60 millionar år gamle, som er særs unge til å vere Hebridane. Det finst dolerittsøyler på nordsida av Garbh Eilean som er over 100 meter høge, og om lag 2 meter breie.
Økonomi Øyane var busette til seint på 1800-talet, då nye eigarar kom til og samfunnet endra seg slik at øya ikkje lenger vart levedyktig.
Arkeologi Det finst ruinar av fleire mogelege kapell på øya. Det første kan ha vore tileigna St. Columba og kan ha lege på vestsida av Garbh Eilean, kanskje ved Àirighean na h-Annaid - namnet Annaid tyder «gammal kyrkje». Det finst òg spor etter ei nyare kyrkje, tileigna Jomfru Maria, nær hyttene på Eilean an Taighe.
Dyreliv Det finst store fuglekoloniar på øyane. Mykje lundefugl hekkar i hole gongar i sidene på Garbh Eilean, i tillegg til ein del teist, alke, havhest, krykkje, skarv, måse og storjo. Sjølv om det finst meir lundefugl på St Kilda står dei tettare på Shiants Isles.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Garbh Eilean» frå , den 26. februar 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Øyar i Ytre Hebridane