Lunga er den største øya i Treshnish Isles i Indre Hebridane i Skottland.
Ho har vulkansk opphav og er skildra som «ein grøn juvel i ein påfuglgrøn sjø».Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543. Ho var folkesett fram til 1800-talet og ein kan framleis sjå restar etter svarte hus. Nordaust på øya ligg ruinane av ein landsby, som vart fråreist i 1857.
Dyreliv mini|venstre|Lundefugl på Lunga. Lunga har status som Site of Special Scientific Interest (stad av særskild vitskapleg interesse) på grunn av det rike plantelivet. Her finst mange sjeldne og utryddingstrua planter, som kusymrer, tiriltunge, orkidéar, strandsmelle, strandnellikar, sverdliljer, tepperot og hagegeiteskjegg. Det finst gråsel i farvatnet rundt øya, og av fuglar finn ein havsvale, krykkje og havlire. Teist, lundefugl og alke hekkar på Lunga og på Harp Rock, ein staur som står like ved øya.Kvitkinngås dukkar opp på øya kvar vinter.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lunga, Treshnish Isles» frå , den 24. februar 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Treshnish Isles