Partisipp er ei samnemning for infinitte verbformer med adjektiviske eigenskapar. På norsk har verbet to ulike partisipp, som desse formene av verbet syngje:

presens partisipp: syngjande perfektum partisipp: sunge

Ordet partisipp kjem av latin participium, av particeps 'som tek del i', det vil seie i funksjonane både til nomenet og til verbet. Eit særkjenne ved partisippa er nettopp at dei blir bøygde i både nominale og verbale grammatiske kategoriar. På moderne norsk blir perfektum partisipp bøygt i mange av dei same kategoriane som adjektivet:

ein sungen / liten song ei sungen~sunga~sungi / lita~liti vise eit sunge / lite vers sungne / små songar den sungne / vesle songen

kategori:lingvistikk

ka:მიმღეობა (გრამატიკა)