Pål Moddi Lue (tidlegare Pål Moddi Knutsen), kunstnarnamn Moddi, () er ein norsk musikar og songar frå Medby på Senja. Moddi syng, spelar gitar og trekkspel, og skriv musikken og tekstane sine sjølv. Han gav ut debut-EP-en Rubato på Playground Music i august 2008. EP-en vart gjeven ut på split-vinyl med artisten Einar Stray. Moddi fekk god kritikk i det verdskjende internettmagasinet Pitchfork for konserten sin på Øyafestivalen i 2008. Hausten 2009 spelte Moddi inn studioalbumet Floriography i Greenhouse Studio i Reykjavik. Plata vart produsert av Valgeir Sigurðsson, og vart gjeven ut i februar 2010 på Impeller Records. I tillegg til songar med sjølvskrivne tekstar på engelsk inneheld plata ein versjon av visa «Krokstav-emne» med tekst av diktaren Helge Stangnes.

Diskografi 2008 — Rubato EP 2009 — Live Parkteateret (sjølvutgjeve konsertalbum) 2010 — Floriography (album) 2013 — Set The House On Fire (album) 2013 — Kæm va du? (album) 2016 – Unsongs (album) 2019 – Like in 1968 (album) 2019 – På gjensyn - 17 nye sanger av Rudolf Nilsen (album) – med Jon Arne Corell, Lars Klevstrand, Kari Svendsen, Steinar Ofsdal og Carl Morten Iversen 2022 – Bråtebrann (album)

Prisar og utmerkingar

I 2013 vann Moddi Spellemannprisen i kategorien Viser for Kæm va du?. Han var også nominert til klassa for beste popsolist for Set The House On Fire og til klassa for komponist for begge platene.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Nettstaden til Moddi Myspace-sida til Moddi

Kategori:Norske musikarar Kategori:Folk frå Senja Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen