Politiet i Noreg er ein riksdekkjande politi- og lensmannsetat som er lagd under Justis- og beredskapsdepartementet.

Oppgåver Politiet har som hovudoppgåver å oppretthalde alminneleg orden, forebygge og hindre straffbare handlingar, beskytte borgarane og deira lovlydige verksemd og å etterforske lovbrot. Politiet utfører òg fleire spesialoppgåver, som organisering av reddings- og leiteaksjonar, utskriving av pass, framandekontroll, trafikktryggleiksarbeid og kontroll av våpensal. Politiet i Noreg ber vanlegvis ikkje skytevåpen, men kan etter løyve frå politimeisteren vepne seg på farlege oppdrag.

Organisasjon Politi- og lensmannsetaten omfattar: Politidirektoratet, Sysselmannen på Svalbard, 12 regionale politidistrikt, som vidare er delt inn i lensmannsdistrikt, seks nasjonale særorgan: Urykkingspolitiet, Kripos, Økokrim, Politiets tryggingsteneste, Politiets data- og materiellteneste og Politihøgskulen.

Politidisktrikta vert leia av ein politimeister. Politidistrikta er sett saman av politistasjonar, lensmannskontor og namsfogdkontor. Politistasjonar vert leia av ein politistasjonssjef og har geografisk ansvar for eit politistasjonsdistrikt. Lensmannskontor, som er leia av ein lensmann, har både politioppgåver og sivile oppgåver. Politistasjonar har politioppgåver og kan også ha ansvar for sivile oppgåver. Namsfogdkontor, som er leia av ein namsfogd, har berre sivile oppgåver.

Talet på politidistrikt har vorte redusert. Tabellen nedanfor viser noverande og tidlegare politidistrikt.

#Før 2002#2002–2016#2016–1Oslo politidistrikt1Oslo politidistrikt1Oslo politidistrikt2Asker og Bærum politidistrikt2Asker og Bærum politidistrikt3Halden politidistrikt3Østfold politidistrikt2Øst politidistrikt4Sarpsborg politidistrikt5Fredrikstad politidistrikt6Moss politidistrikt7Follo politidistrikt4Follo politidistrikt8Romerike politidistrikt5Romerike politidistrikt9Kongsvinger politidistrikt6Hedmark politidistrikt3Innlandet politidistrikt10Hamar politidistrikt11Østerdal politidistrikt12Gudbrandsdal politidistrikt7Gudbrandsdal politidistrikt13Vestoppland politidistrikt8Vestoppland politidistrikt14Ringerike politidistrikt9Nordre Buskerud politidistrikt4Sør-Øst politidistrikt15Drammen politidistrikt10Søndre Buskerud politidistrikt16Kongsberg politidistrikt17Nord-Jarlsberg politidistrikt11Vestfold politidistrikt18Tønsberg politidistrikt19Sandefjord politidistrikt20Larvik politidistrikt21Telemark politidistrikt12Telemark politidistrikt22Skien politidistrikt23Notodden politidistrikt24Rjukan politidistrikt25Kragerø politidistrikt26Arendal politidistrikt13Agder politidistrikt5Agder politidistrikt27Kristiansand politidistrikt28Vest-Agder politidistrikt29Rogaland politidistrikt14Rogaland politidistrikt6Sør-Vest politidistrikt30Stavanger politidistrikt31Haugesund politidistrikt15Haugaland og Sunnhordland politidistrikt32Bergen politidistrikt16Hordaland politidistrikt7Vest politidistrikt33Hordaland politidistrikt34Hardanger politidistrikt17Sogn og Fjordane politidistrikt35Sogn politidistrikt36Fjordane politidistrikt37Sunnmøre politidistrikt18Sunnmøre politidistrikt8Møre og Romsdal politidistrikt38Nordmøre politidistrikt19Nordmøre og Romsdal politidistrikt39Romsdal politidistrikt40Trondhjem politidistrikt20Sør-Trøndelag politidistrikt9Trøndelag politidistrikt41Uttrøndelag politidistrikt42Inntrøndelag politidistrikt21Nord-Trøndelag politidistrikt43Namdal politidistrikt44Helgeland politidistrikt22Helgeland politidistrikt10Nordland politidistrikt45Rana politidistrikt46Bodø politidistrikt23Salten politidistrikt47Narvik politidistrikt24Midtre Hålogaland politidistrikt48Lofoten og Vesterålen politidistrikt49Troms politidistrikt25Troms politidistrikt11Troms politidistrikt50Senja politidistrikt51Vestfinnmark politidistrikt26Vestfinnmark politidistrikt12Finnmark politidistrikt52Vardø politidistrikt27Østfinnmark politidistrikt53Vadsø politidistrikt54Sør-Varanger politidistrikt

Historie Den sentrale leiinga av politiet låg i Justis- og politidepartementet som vart oppretta i 1818. Før politilova av 1936 var det ei blanding mellom kommunal og statleg politi. Politileiarar (politimeisterane) var statlege medan betjentar og konstablar var kommunalt lønna. Ofte hadde politiet fleire oppgåver enn i dag slik som leiing av brannvesen, byggevesen og hamnevesen.

Politiskulen vart oppretta i 1919 som det første sentrale politiorganet. «Statspolitiet» vart oppretta i 1932 som eit sentralt organ for operativ teneste. Politiloven av 1927 innførte einskapleg politiordning for heile landet, men utgiftene var framleis i stor grad lagt på kommunane.

Ved politilova av 1936 var det ein hovuedsak at politiet fullt ut skulle vera statleg. Rolla til kommunane etter den gamle politiordningen ga uklare ansvarsforhold. Lova medførte likevel ein refusjonsplikt for kommunane til staten for deler av politiutgiftene, men utan at dette rokka ved prinsippet om det statlige politi. Lova forbaud òg «frivillige ordensvern» som etter kvart hadde vorte eit alvorleg problem i lys av politiske rørsler og sosial uro på denne tida. Utrykningspolitiet vart oppretta og vart i starten brukt mellom anna ved opprør. Lensmenn og lensmannsbetjentar kom i liten grad inn under den nye lova anna enn at lensmannen vart gjeve leiinga av politiet på landsbygda.

Den såkalla «nærpolitireforma» i januar 2016 førte til at talet på politidistrikt blei redusert frå 27 til 12.Faktisk.no: Hva er konsekvensene av politireformen?. NRK. Vitja 2019-08-06

Kvinner Politiet har tradisjonelt vore mannsdominert, men kvinner har i dag i stor grad kome inn i politiet. Den første kvinnelege politibetjenten i Noreg vart tilsett i 1910. I 2010 var 21 % av dei politiutdanna kvinner, men om lag 40 % av dei opptekne på grunnutdanninga ved Politihøgskulen var kvinner. Av juristane i etatane er det 40 % kvinner. I administrative stillingar var 74 % kvinner.

Sjå òg Politi Politigrader i Noreg Politireforma av 2015

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Politiet i Noreg» frå , den 2. januar 2023.

Bakgrunnsstoff

Tildelingsbrev til Politidirektoratet i Justis- og beredskapsdepartementet

Kategori:Politi- og lensmannsetaten