Lord's Island er ei av fire øyar i Derwent Water i Keswick i Cumbria i England. Ho har fått namnet sitt frå jarlane av Derwentwater som budde her. I tillegg til det fine huset til jarlen, gjekk det ei klaffebru over til fastlandet.
Huset på øya forfall etter at jarlane hadde flytta og i dag står berre grunnmuren att. Stein frå huset vart ført inn til Keswick der det vart nytta som byggmaterialet i møtesalen der.
Den siste jarlen, James Radclyffe, vitja berre området ein gong. Han skaffa seg ein hær og tok jakobittane si side i 1714. Han vart derimot slått ved Preston og halshogd i 1716.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lord's Island» frå , den 24. januar 2010.
Bakgrunnsstoff Google Maps: bilete av øya
Kategori:Øyar i England Kategori:Geografi i Cumbria Kategori:Øyar i innsjøar