Hilbre Island er den største av tre øyar ved munningen av elva River Dee nær Wirralhalvøya i England.
Hilbre Island er om lag 5 hektar stor og ligg 1,6 km frå Red Rocks på Wirralhalvøya. Dei to andre øyane er Middle Eye og Little Eye. Øyane er tidvassøyar og ein kan gå tørrskodd til dei når det er fjøre. Det står eit par hus på Hilbre Island, medan dei to andre ikkje er busette. Det står eit lite fyr på øyane frå 1927.
Øya er kalla opp etter eit kapell som vart bygd her i mellomalderen, tileigna St. Hildeburgh. Stephen J. Roberts, A History of Wirral, 2002, ISBN 978-1-86077-512-3 Ein meiner at øya har vore busett sidan steinalderen. Rundt 1080 vart det oppretta ei lite kloster på øya. Den siste munken forlet øya rundt 1550. I 1692 vart det sett opp ein liten fabrikk for å raffinere bergsalt.
Bakgrunnsstoff The Friends of Hilbre Merseyside Views: Hilbre Island Trinity House: Hilbre Island fyr
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hilbre Island» frå , den 23. januar 2010. oppgav desse kjeldene: Craggs, J. D. (Ed.) (1978). Hilbre - The Cheshire Island - its history and cultural history. Liverpool University Press. ISBN 0-85323-314-4. Burnley, Kenneth J. (1981). Portrait of Wirral. Robert Hale Ltd. ISBN 0-7091-9409-9
Kategori:Fyr i England Kategori:Merseyside Kategori:Tidvassøyar i England