White Nothe er eit nes ved Den engelske kanalen aust i Ringstead Bay, aust for Weymouth i Dorset i England. Området er velkjend for geologien og dei mange fossila som er å finne her. Sidene av neset kjem av gamle jordras.

Det går ein flott sti opp klippa, som ein meiner vart nytta av smuglarar. Det er mogeleg å gå frå botn av White Nothe langs kysten frå Ringstead Bay, men vegen vert dekt av sjøen ved flo.

Området er delvis eigd av National Trust.West, Ian M. Ringstead Bay to White Nothe, Geology of the Wessex Coast (Jurassic Coast, Dorset og East Devon World Heritage Site). National Oceanography Centre, Southampton University, UK. Version: 2. april 2009. Frå toppen av White Nothe kan ein i aust sjå kalkklippa Bat's Head. Det er mogeleg å gå austover langs toppen av klippa til Durdle Door og Lulworth Cove. Ut mot havet kan ein sjå Isle of Portland.

Like nordvest for White Nothe ligg Burning Cliff.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «White Nothe» frå , den 20. januar 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff White Nothe på sida til Joint Nature Conservation Committee (JNCC) Ringstead Bay til White Nothe frå Ian West sin Geology of the Wessex Coast Fossil og geologi i White Nothe, Dorset South West Coast Path National Trail White Nothe i Ringstead på Walks4softies

Galleri

Kategori:Nes i Dorset Kategori:National Trust-eigedommar