9 Metis er ein av dei største hovudbelteasteroidane. Han består av silikat og nikkel-jern, og kan vera restane etter ein større asteroide som vart øydelagd i ein urgammal kollisjon. Metis er estimert å innehalda like under ein halv prosent av den totale massen til asteroidebeltet.

Metis vart oppdaga av Andrew Graham den 25. april 1848. Namnet kjem frå Metis, ei dotter av Tethys og Okeanos i gresk mytologi.Graham, A.; Metis, Monthly Notices of the Royal Astronomical Society, Vol. 8, No. 7 (dated 12 May 1848), pp. 147–150

Kjelder

Metis Metis