Stranda og klippene ved Ringstead Bay|mini Ringstead Bay er ei bukt ved Den engelske kanalen i Dorset i England. I bukta finst grus òg noko sand og utanfor bukta ligg eit om lagt 600 meter langt rev som kjem til syne ved fjøre sjø.
Like aust for bukta ligg dei kvite kalksteinsklippene White Nothe, som ruvar over bukta. Den større byen Weymouth ligg om lag 8 km vest for Ringstead Bay. Den vesle landsbyen Osmington Mills ligg på kysten om lag 1,5 km mot vest og det går ein tursti til denne landsbyen langs klippene, via Bran Point.
Ringstead Bay og den vesle landsbyen Ringstead er tilgjengelege via ein privat veg. Området er kjent for den vakre naturen og dei mange fossilfunna.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ringstead Bay» frå , den 9. januar 2010.
Bakgrunnsstoff Ringstead, Dorset, England Osmington, Osmington Mills og Ringstead Fossilsamling — Ringstead i Dorset
Kategori:Bukter i Dorset