Som Noregs nest største by har Bergen ei rekkje utestader. Utelivet i Bergen er prega av det sterke studentmiljøet i byen, og difor er studentstader som til dømes Kvarteret og Hulen dominerande, men utelivet omfattar likevel mykje meir enn studentar og er mangfaldig i norsk samanheng.
Historikk Utelivet i Bergen har, som byen, vore særs internasjonalt prega, og har ei historie attende til tidleg mellomalder. Bergen har og har hatt eit sterkt preg av sjøfart og ulik handelsverksemd, med mange vitjande som ynskjer avkopling med ein tur på byen. Hanseatane på Bryggen i Bergen hadde til dels eigne utestader, slik som dei hadde ei eiga kyrkje (Mariakirken i Bergen). Knytt til hanseatane var det fleire vinstover og skytilstover (Shjøtstuer). Hanseatane hadde ikkje lov til å ha familien med seg, eller stifta familie medan dei var i teneste. Prostitusjon i Bergen har difor lange tradisjonar. Hanseatane handla med folk frå Nord-Noreg, som kom til Bergen med fisk. Under Nordfarstemna tidleg på hausten kom det tusenvis av handlande som gjerne ville nytta seg av utelivet i det som den gongen var den største byen i Noreg. På ein fest i Bergen tidleg på 1500-talet møtte den seinare kong Christian II av Danmark-Noreg på ei hollandsk kvinne, Dyveke Sigbritsdatter. Ho vart elskarinna til kongen. Dyvekes Vinstue er oppkalla etter henne.
Utestader
Barar - Pubar Finnegans Irish Pub Inside Rock Café Legal The Scotsman Fotballpuben Zachen Bergen Gjestehus Maxime Hectors Hybel Wesselstuen
Diskotek Inside diskotek Miles Ahead diskotek For 18-åringar Champions diskotek Exodus diskotek Ovenpaa diskotek TMP diskotek Trøkkeriet - senere kalt Downstairs (lå under Fotballpuben)
For homofile Fincken Kremm The Sailor
Studentstader Studenten Club Alrek Club Jur Det Akademiske Kvarter Garage Hulen i Bergen Ad fontes
Vidgjetne Kaféar Børs Cafe Cafe Opera Lido Godt Brød Kafe Kaffan
Holbergstuen Wesselstuen
Bakgrunnsstoff www.BergenUteliv.no - ei oversikt over utestader i Bergen
Kategori:Kulturliv i Bergen Bergen