mini|Interiør i Phillips Exeter Academy Library i Exeter i New Hampshire (1965) Louis Isadore Kahn (fødd som Itze-Leib Schmuilowsky, ) var ein amerikansk arkitekt med estisk og jødisk opphav.

Familien til Kahn emigrerte til USA i 1905. Han tok utdanninga si ved University of Pennsylvania. Frå 1920 til 1930 arbeidde Kahn som teiknar og var deretter sjefsdesignar ved fleire arkitektkontor i Philadelphia. Fram til 1948 samarbeidde han med ei rekkje arkitektar, og deretter verka han i eige namn.

Kahn er nært tilknytt modernismen, men verka hans skil seg ut frå det meste av annan arkitektur i samtida hans gjennom den klassiske monumentaliteten og den platonske geometrien. Gjennom å kombinere dei moderne konstruksjonane i samtida si, i framfor alt teglstein og betong, med klassisk geometri, fekk byggverka til Kahn både eit samla inntrykk med det massive murverket, men samtidig også eit lett inntrykk.

I 2004 kom det ein dokumentar om Louis Kahn, My Architect – A Son’s Journey, som var laga av sonen Nathaniel Kahn.

Galleri

Kjelder «Louis Kahn» på Wikipedia på svensk, innhenta 30. desember 2009.

Kategori:Fødde i 1901 Kategori:USA-amerikanske arkitektar Kategori:Estiske arkitektar Kategori:Modernistiske arkitektar Kategori:Estisk-amerikanarar