mini|Gad Cliff til St Alban's Head Jurassic Coast (Jurakysten) er ein verdsarvstad på kysten av Den engelske kanalen sør i England. Han strekkjer seg frå Orcombe Point nær Exmouth i Aust-Devon til Old Harry Rocks nær Swanage i Aust-Dorset, eit strekke på 153 km. Kysten vart innskriven i 2001 og var den andre naturlege verdsarvstaden i Storbritannia. Ein kan gå langs heile kysten på South West Coast Path.
Geologi venstre|mini|Plasseringa i Storbritannia mini|Lyme Bay mini|Jordras nær Lyme Regis mini|Durdle Door mini|right|Kalkstein frå juratida på Isle of Portland er vunne ut. Jurassic Coast består av klipper frå trias, juratida og krittida, frå mesozoikum, ein periode på om lag 180 millionar år.
Staden har mange flotte landformer, som den naturlege steinbogen Durdle Door, vika Lulworth Cove og ei øy, Isle of Portland. Chesil Beach er eit fint døme på ein tombolo og ei stormstrand. Kysten har både konkordante og diskonkordante kystlinjer. På grunn av den varierte geologien, har det vorte utført mange internasjonale feltstudiar her. Det var her Mary Anning, ein paleontolog som studerte fossil, oppdaga det første komplette fiskeøgle-fossilet.
Det høgaste punktet på Jurassic Coast og langs heile sørkysten av Storbritannia, er Golden Cap på 191 meter over havet.
Historie
Under den andre verdskrigen vart fleire område langs Jurassic Coast nytta av det britiske forsvaret. Ein av dei største basane til Royal Navy låg ved Portland Harbour, men har sidan vorte lagt ned. Ein stor base for den britiske hæren ved Bovington er framleis i drift.
Delar av kysten, særleg rundt Portland, kan vere farleg og det ligg mange skipsvrak langs kysten.
Bakgrunnsstoff Jurassic Coast - offisiell nettstad The South West Coast Path National Trail Jurassic Coast, UNESCO UNEP si side om Jurassic Coast National Geographic om Jurassic Coast BBC om Jurassic Coast
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jurassic Coast» frå , den 26. desember 2009. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Geografi i Devon Kategori:Geografi i Dorset Kategori:Klipper i England Kategori:Engelsk geologi Kategori:Verdsarv i England