mini|Utviklinga til den globale middeltemperaturen dei siste tusen åra. Ein kan sjå eit kraftig fall like etter 1800. Året utan sommar var 1816, då ein uvanleg kald sommar førte til at avlingane vart øydelagde i Nord-Europa, det nordaustlege USA og det austlege Canada.The Quebec Chapter of the Canada Country Study Climate Impacts and Adaptation executive summary Historikaren John D. Post har kalla dette «den siste store sjølvbergingskrisa i den vestlege verda».Evans, Robert Blast from the Past , Smithsonian Magazine. Juli 2002
Dei fleste forskarane meiner det klimatiske avviket kom av historisk låg solaktivitet i kombinasjon med ein vulkanvinter. Vulkanvinteren kom av fleire store vulkanutbrot frå Tambora i 1815, det største kjende utbrotet på over 1600 år.
Skildring mini|Skilnaden på sommartemperaturar i Europa i høve til normalen frå 1971-2000. Dei uvanlege klimaavvika i 1816 hadde størst effekt i Nord-Europa, det nordaustlege USA og det austlege Canada. I desse områda er seinvåren og sommaren relativt stabile. Temperaturane stig og kjem sjeldan under 5 °C. Snø om sommaren er ekstremt sjeldan, sjølv om ein stundom kan ha noko snøfall i mai.
I mai 1816,Weather Doctor's Weather People and History: Eighteen Hundred and Froze To Death, The Year There Was No Summer tok frosten livet av dei fleste avlingane som hadde vorte sette i jorda. I juni råka to omfattande snøstormar Aust-Canada og New England og mange miste som følgje av dette livet. Det vart målt nesten 30 cm snø i Quebec by tidleg i juni, og avlingane vart øydelagde. Resultatet var omfattande feilernæring, svolt, epidemiar, og aukande dødelegheit, kort sagt hungersnaud.
I juli og august var det is på elvar og innsjøar så langt sør som Pennsylvania. Kraftige og raske temperatursvingingar var vanlege, og stundom svinga temperaturane 35 °C til nær null i løpet av timar. Sjølv om bøndene sør for New England klarte å dyrke noko mais og korn, steig prisane dramatisk. Prisen på havre vart til dømes nesten 8 gonger høgare, og havre er nødvendig for ein økonomi der hestar er det viktigaste transportmiddelet.
I Kina tok det kalde vêret livet av tre, risavlingar og sjølv vassbøflar, særleg i Nord-Kina. Flaumar øydela mange av dei gjenverande avlingane. Tambora-utbrotet forstyrra monsunen i Kina, og førte til kraftige flaumar i Yangtzedalen i 1816. I India kom monsunen seinare enn vanleg og førte til kraftig regn som spreidde kolera frå eit område nær Ganges i Bengal og så langt som til Moskva.Discovery Extreme Earth
Effektane var omfattande og varte ut året og gjennom den påfølgjande vinteren. I det austlege Sveits var somrane i 1816 og 1817 så kjølige at det danna seg ei isdemning nedanfor Giétrobreen høgt i Val de Bagnes. Trass i forsøk på å drenere den veksande innsjøen bak demninga, kollapsa isdemninga med katastrofale følgjer i juni 1818.Flaumen er skildra i Jean M. Grove, Little Ice Ages, Ancient and Modern.
Årsaker Generelt meiner ein at årsaka til avvika kom av vulkanutbrotet til Tambora 5. til 15. april 1815.Indo DigestBellrock.org.uk : Misc Tambora ligg på øya Sumbawa i Indonesia (då ein del av Nederlandsk Austindia). Utbrotet hadde ein vulkaneksplosivitetsindeks på 7, som er eit kolossalt stort utbrot med store mengder vulkansk støv kasta opp i den øvre atmosfæren. Det var det største utbrotet sidan Hatepe-utbrotet om lag 1600 år tidlegare i 180 e.Kr. At utbrotet skjedde medan sola hadde uvanleg låg aktivitet, Dalton-minimumet, var truleg òg ei medverkande årsak.
Andre store vulkanutbrot (med vulkaneksplosivitetsindeks på minst 4) i same tidsrom er:
1812 - La Soufrière på Saint Vincent i Karibia 1812 - Awu på Sangiheøyane i Indonesia 1813 - Suwanosejima på Ryukyuøyane i Japan 1814 - Mayon på Filippinane
Desse andre utbrota hadde alt bygd opp store mengder atmosfærisk støv. Dei store mengdene atmosfærisk støv svekka solinnstrålinga i atmosfæren, og dermed fall temperaturen globalt.
Effektar På grunn av fleire påfølgjande vulkanutbrot hadde avlingane i dei nemnte områda vore dårlege i fleire år. Europa prøvde framleis å kome til hektene att etter napoleonskrigane og vart råka av matmangel. Mangelen på mat førte til opprør i Storbritannia og Frankrike, og kornlagra vart plyndra. Kraftige uvêr, uvanleg store nedbørsmengder med påfølgjande flaum i dei store elvane i Europa (inkludert Rhinen), har truleg òg opphav i vulkanvinteren. Det same var frosten som kom i august 1816. Ein stor tyfusepidemi råka Irland i perioden 1816-1819, framskunda av matmangelen under året utan sommar. Det er estimert at rundt 100 000 irar mista livet i denne perioden. Ein BBC-dokumentar om hendinga meinte at dødelegheita desse åra var det dobbelte av det som var vanleg på denne tida.
I USA meiner historikarar at året utan sommar førte til at mange flytta vestover og slo seg ned i det vestlege og sentrale New York og den amerikanske Midtvesten.
Kulturell innverknad mini|Solnedgang i Hong Kong i 1992 etter utbrotet til Pinatubo. mini|Chichester Canal circa 1828 av J.M.W. Turner
Det høge oskenivået i atmosfæren førte til uvanleg spektakulære solnedgangar i denne perioden, noko som mange kunstnarar målte. Liknande fenomen skjedde etter Krakatoa-utbrotet i 1883 og i 1991 etter Pinatubo.
Mangelen på havre til å mate hestane med, kan ha inspirert den tyske oppfinnaren Karl Drais til å forske på nye hestelause transportmetodar og finne opp dresin og velosiped. Dette var føregjengaren til den moderne sykkelen og eit steg mot meir mekaniserte fargreier.Histories: Brimstone and bicycles - being-human - 29 January 2005 - New Scientist
Dei feila avlingane i året utan sommar, tvinga familien Joseph Smith til å flytte frå Sharon i Vermont til Palmyra i New York moved in 1816, noko som førte til ei rekkje hendingar som enda med at Mormonarboka vart gjeven ut og Jesu Kristi kyrkje av siste dagars heilage vart oppretta.Discovery Channel, "Extreme Earth"
I juli 1816 førte kraftig nedbør til at Mary Shelley, John William Polidori og venene deira måtte halda seg innandørs det meste av ferien deira i Sveits. Dei valde då å halde ein konkurranse om kven som kunne skrive den skumlaste historia. Shelley byrja då på romanen Frankenstein og Polidori skreiv The Vampyre, eit av utgangspunkta for dei moderne vampyrane. Året utan sommar inspirerte òg Lord Byron til å skrive Darkness i 1816.
Sjå òg Den vesle istida
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Year Without a Summer» frå , den 23. desember 2009. oppgav desse kjeldene: BBC Timewatch documentary: Year Without Summer, Cicada Films (BBC2, 27. mai 2005) Willie Soon and Steven H.Yaskell:Year without a Summer, Vol. 32, # 3 May / June, Mercury (Astronomical Society of the Pacific) 2003 Hans-Erhard Lessing: Automobilitaet: Karl Drais und die unglaublichen Anfaenge, Leipzig 2003 Henry & Elizabeth Stommel: Volcano Weather: The Story of 1816, the Year without a Summer, Seven Seas Press, Newport RI 1983 ISBN 0-915160-71-4 The Story of the Year of Cold, by Dozier, Lou Zerr Press, 2009
Bakgrunnsstoff Eighteen Hundred and Froze To Death Liste over store vulkanutbrot
Kategori:Hungersnauder Kategori:Vulkanske hendingar Kategori:Klimahistorie Kategori:Hendingar i 1816 Kategori:Utvalde artiklar 2015