Andreas Hompland () er ein norsk journalist og sosiolog.
Hompland er magister i sosiologi frå Universitetet i Oslo, der han også dreiv mykje med studentpolitikk. Avhandlinga hans heitte To-kyrs industriarbeidarar i streik. Han har vore innom sosiologisk forsking, men er meir kjend frå journalistikk og annan skriftproduksjon av til dømes kåseri og petitar.
Hompland har arbeidd i Dagbladet gjennom ei årrekkje, som sommarvikar i 1971, fast tilsett i 1975–1980, og kulturredaktør frå 1985 til 1986. I dag er han frilansjournalist for avisa. Han har også vore redaktør for tidsskriftet Plan og fagleg rådgjevar ved Senter for bygdeforskning.
Andreas Hompland har skrive fleire bøker og var i 1971 med på å stifte anarkistorganet Folkebladet.http://www.fagerhus.no/a_Norge/2000_spirer.html Han var leiar i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening frå 1993 til 1994 og leiar av fordelingsstyret i Kopinor frå 2002 til 2006.
Bibliografi Ein målstrid i Bygde-Norge – skolemålsavstemning i Tuv, Levanger (1974, med Jahn-Arill Skogholt) To-kyrs industriarbeidarar i streik – ein historisk-sosiologisk studie av bygdekollektivet (1975) Samfunn (1981, medforfattar) Sogndal e' laget! (1982) Sideblikk på maktmenneske frå Alta til Bergen (1982) Dynastiet Willoch – sideblikk (1983) To-kyrs industriarbeidarar i streik – Trælandsfos, Kvinesdal 1925 (1984) Kanskje kommer kongen – hjemme hos oss Norge rundt (1985, medforfattar) Scenarier 2000 – tre framtidsbilder av Norge (1987, redaktør) Dei arme små – kritisk lys på framlegget til ny kommuneinndeling (1993, medforfattar) Agder og Rogaland – sett frå lufta (1993) Den Nye barne- og familieboka – 20 spørsmål om familiebildene (1994, medredaktør) Formativ periode – scenarier for norsk energiforsyning (1994, medredaktør) Årdal – verket og bygda. 1947–1997 (1997, medredaktør) Grep om samfunn (1997, medforfattar) Byens veier – lokal transport- og arealpolitikk (2001) I Grues tid (2009)
Prisar Vinjeprisen 2000
Kjelder «Andreas Hompland» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 20. desember 2009. «Andreas Hompland» i Norsk Biografisk Leksikon, innhenta 5. januar 2010.
Referansar
Kategori:Norske sosiologar Kategori:Norske journalistar Kategori:Folk frå Kvinesdal