mini|Sand Bay sett nordover frå Monk's steps. Ein kan sjå spartinagras nord for stranda. Sand Point ligg i bakgrunnen og Sør-Wales ligg langt bak på andre sida av vatnet.
Sand Bay er ei kyststripe i North Somerset i England som grensar til Worlebury Hill i sør og til Middle Hope (ofte kalla Sand Point) i nord. Det ligg om lag 3 km nord for feriestaden Weston-super-Mare, og tvers over Bristolkanalen frå South Wales. Han ligg like ved landsbyen Kewstoke.
Nordenden av Sand Bay har vore overgrodd av spartinagras sidan 1950-åra. Dette hardføre graset vart planta for å støtte breidda av ein sidekanal til Bristolkanalen oppover frå Sand Bay. Dei siste 20 åra har graset raskt vokse over heile nordsida av stranda og har no byrja å ta over isolerte område i sør. Graset har òg byrja å gro på stranda ved Weston-super-Mare, men dette vert fjerna av dei lokale styresmaktene.
I 1980-åra vart delar av stranda ved Sand Bay heva for å hindre flaum ved å pumpe sand frå Bristolkanalen opp på stranda. Stranda har no to nivå, eit i den opphavlege høgda nær havet, og i same høgd som den nærliggande vegen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sand Bay» frå , den 18. desember 2009. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Sand Bay Management Committee
Kategori:Geografi i Somerset Kategori:Bukter i England