mini|Karl Eirik Schjøtt-Pedersen har sidan 1. januar 2022 vore riksrevisor i Riksrevisjonen. Riksrevisjonen er Stortinget sitt revisjons- og kontrollorgan. Riksrevisjonen har som si overordna oppgåve å føre kontroll med at staten sine midlar blir brukt og forvalta på ein økonomisk forsvarleg måte og i samsvar med Stortinget sine vedtak og føresetnader. Riksrevisjonen er uavhengig av regjeringa og forvaltinga og har omtrent 450 tilsette. Dei tilsette er for ein stor del samfunnsvitarar, økonomar og juristar. Noverande riksrevisor er tidlegare arbeidarparti-politikar Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.
Riksrevisjonen gjennomfører:
Rekneskapskontroll, kontrollerer korleis forvaltninga har brukt staten sine pengar.
Selskapskontroll, kontroll av forvaltinga av statens interesser i statsaksjeselskap og statsforetak. Styringskontroll, kontroll av effektiviteten til forvaltninga. Ansvarskontroll, kontroll av feil og manglar ved leiinga, kontroll av statsråden si eigarstyring i dei statleg eigde selskapa, der målet i forvaltinga er fokuset på tenesteproduksjon. Statsråden kan stillast politisk ansvarleg for feil og manglar i hans ansvarsområde. Rådgjeving, rettleie forvaltinga med rekneskap og økonomi.
Soge Riksrevisjonen blei samla under ein organisatorisk eining under Stortinget si leiing i 1918. Frå 1822 til 1918 hadde eit eige Revisjonsdepartement ansvaret for den konsitusjonelle kontrollen.
Riksrevisjonen er forankra i Grunnloven § 75 k., der det står at Stortinget utnemner fem revisorar, Riksrevisorkollegiet, som kvart år skal gå gjennom staten sine rekneskap. Her er vidare ei lov om statens revisionsvæsen, og ein instruks for «Statsrevisionen» frå 1918, med seinare tileggsinstruksar.
Før spelte rekneskapsrevisjonen ei stor rolle, men i nyare tid har forvaltingsrevisjonen òg kome i fokus, som kontrollerer at forvaltninga si effektivitet, resultat, og er i tråd med staten sine interesser.
Riksrevisoren er leiaren for Riksrevisorkollegiet, som er Riksrevisjonen sitt øvste organ. Medlemmane i kollegiet blir samla til jamlege møte, og dei siste åra har det vore ca. 10 møte i året. Avgjerdene blir i all hovudsak fatta gjennom konsensus. Riksrevisjonen er partipolitisk samansett og opptrer som ein politisk kvalitetssikrar i forvaltingsrevisjonssaker. Norma om konsensus bidrar til partipolitisk nøytralitet.
Tidlegare riksrevisorar
1816–1821 : Marcus S. Lyng 1821–1827 : Frederik Motzfeldt 1827–1834 : Lauritz Nicolai Kraft 1827–1845 : Peter L. Stabel 1834–1846 : Søren Anton Wilhelm Sørenssen 1848–1854 : Johan D. Rye 1854–1881 : Peter Daniel B. W. Kildal 1882–1883 : Peder Krabbe Gaarder 1883–1898 : Hagbard Berner 1898–1923 : Svend Borchmann Hersleb Vogt 1923–1925 : Tore Embretsen Aaen 1926–1949 : Hans T. H. Lütken 1949–1950 : Saamund Bergland 1950–1978 : Lars Breie 1978–1980 : Tor Oftedal 1981–1990 : Petter Furberg 1990–2005 : Bjarne Mørk Eidem 2005–2013 : Jørgen Kosmo 2014–2022 : Per-Kristian Foss 2022– : Karl Eirik Schjøtt-Pedersen
Bakgrunnsstoff Riksrevisjonen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Riksrevisjonen» frå , den 12. desember 2009.
Kategori:Norske statsetatar Kategori:Stortinget Kategori:Skipingar i 1918