1421 (romartal MCDXXI) var eit normalår som byrja på ein onsdag i den julianske kalenderen.

Hendingar

Utlandet 21. februar: Yonglekeisaren av Ming-dynastiet flytta hovudstaden frå Nanjing til Beijing.

St. Elizabeth-flaumen råka Nederland natt til 19. november under ein kraftig storm i Nordsjøen som førte til at eit dike brast fleire stader og la polderane nedanfor under vatn. Mellom 2000 og 10 000 menneske mista livet.

Fødde

6. desember: Henrik VI, kong av England og herre over Irland 1422–1461 og 1470–1471. Sōgi, japansk diktar

Døde 26. mai: Sultan Mehmet I av Det osmanske riket