West Yorkshire er eit metropolitansk grevskap i Yorkshire and the Humber i England med kring 2,2 millionar innbyggjarar. West Yorkshire vart skipa i 1974.

West Yorkshire består av fem bykommunar, City of Bradford, Calderdale, Kirklees, City of Leeds og City of Wakefield, og grensar til grevskapa Derbyshire i sør, Stor-Manchester i sørvest, Lancashire i nordvest, North Yorkshire i nord og aust og South Yorkshire i søraust.

West Yorkshire grevskapsråd vart nedlagd i 1986 så distrikta har sidan den gong i røynda vore sameinte styresmakter.

West Yorkshire omfattar West Yorkshire storbyområde, som er det største byområdet i det historiske grevskapet Yorkshire.

Bakgrunnsstoff

Kjelder Denne artikkelen bygger på «West Yorkshire» frå , den 29. november 2009.

Kategori:Skipingar i 1974