Upsete haldeplass ligg på Uppsete i Aurland kommune i Vestland og er ein haldeplass for lokaltog på Bergensbanen. Haldeplassen ligg på 850,2 moh, 342,15 kilometer frå Oslo (om Roa). Upsete ligg mellom Vieren haldeplass i vest og Myrdal stasjon i aust.

Upsete haldeplass vart opna 1908. Namnet var då skrive Opset. Det er no berre lokaltog som stoppar ved haldeplassen, i tillegg til turisttog som køyrer mellom Voss og Ål om sommaren. mini|venstre|Utsikt frå toget nær Upsete haldeplass. mini|venstre|Upsete mot Gravhalstunnelen i 1907.

Rallarvegen Upsete ligg på vestsida av Gravhalstunnelen og den gamle tilførselsvegen som vart bygd i samband med bygginga av tunnelen og banen er i dag del av sykkel- og turvegen Rallarvegen. Den vestre delen av Rallarvegen går frå Upsete vestover til Mjølfjell Ungdomsherberge der det går bilveg vidare mot Vossavangen. Dei som ynskjer å sykle eller gå mellom Voss og Flåm eller Voss og Finse må ta toget mellom Upsete og Myrdal, for på den strekka er det ikkje veg.

Stølar og rallarsamfunn Før Bergensbanen kom var Uppsete eit stølsområde for gardar i Flåm, Ulvik og Voss. Mot å gje frå seg land gratis til jarnbanelina fekk stølane fri frakt av mjølka ned til Voss med toget. Under bygginga av Gravhalstunnelen var det store anlegg på Uppsete. På det meste var det opp mot tusen menneske i heilårsaktivitet med bygging og servicefunksjonar.

Stølsdrifta tok for det meste slutt i 1950 og -60-åra. I dag er området nytta som sommarbeite for smale og kviger, og stølane er feriestader.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff «Upsete» på nettstaden til Jernbaneverket «Upsete» i Stasjonsdatabasen til Norsk Jernbaneklubb Eldre fotografi frå Upsete på nettstaden til Nasjonalbiblioteket

Kategori:Stasjonar på Bergensbanen Kategori:Jarnbanestasjonar i Vestland Kategori:Samferdsle i Aurland Kategori:Byggverk i Aurland Kategori:Jarnbanestasjonar opna i 1908 Kategori:1908 i Noreg