Rubí er ein by og ein kommune i Catalonia i Spania i provinsen Barcelona, 15 km frå sjøve Barcelona. Han har kring 80 000 innbyggjarar. I nord grensar han til Terrassa og Ullastrell, i sør til Sant Cugat del Vallès, i vest til Castellbisbal og i aust til Sant Quirze del Vallès.
Historie Ein meiner at byen har romersk opphav ved elva Rubeo. Då Vilfred den hårete døydde, vart grensa mellom Al-Andalus og Catalonia sett til elva Llobregat. Rubí låg derfor særs nær grensa. I 1233 vart det bygd ei borg i byen.
Med den industrielle revolusjonen voks byen kraftig, og særleg var tekstilindustrien i byen viktig. Nokre av dei tidlege møllene finst framleis.
I 1919 fekk byen jernbanesamband til Barcelona og Terrassa.
Rubí mista det meste av jordbruket sitt i 1962 då ein katastrofal flaum øydela dei nedre delane av byen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rubí, Barcelona» frå , den 11. november 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Catalonia