Torrent er ein by i storbyområdet rundt byen Valencia i Spania. Han er den største kommunen i Horta Sud ein comarca, med kring 90 000 innbyggjarar. Han ligg 7 km frå sjølve Valencia, og er knytt til byen via ein metro.
Kommunen grensar til Aldaia, Alaquàs og Xirivella i nord, Picanya og Catarroja i aust, Alcàcer og Picassent i sør og Montserrat, Godelleta, Turís og Xiva i vest. Alle desse ligg i provinsen Valencia.
Historie Landsbyen Torrent vart offisielt grunnlagd etter reconquistaen, men det hadde stått eit tårn og festningsverk her fleire hundreår tidlegare. Arkeologiske funn indikerer at det har budd folk i området sidan bronsealderen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Torrent, Valencia» frå , den 9. november 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Valencia