Estisk økonomi er ein kapitalistisk, open blandingsøkonomi i den indre marknaden i EU. Han har på 20 år vorte ein open, moderne tenesteøkonomi med innslag av avanserte teknologibedrifter. Tradisjonelt har økonomien i landet vore dominert av landbruk med låg foredlingsgrad. I 700 år var Estland prega av liveigenskap og underlagt framande makter – Danmark, Tyskland, Sverige, Russland og Sovjetunionen – som fokuserte på jordbruksproduksjon og dikterte den økonomiske politikken i landet fram til 1918. Tre jordreformer etter den gongen har snudd om på det estiske landbruket.

Før moderne tid var meieriproduksjonen den mest avanserte landbruksnisjen, og smør og ost vart eksportert til land i nordvest-Europa. Ein annan stimulans til byøkonomien i Tallinn (Reval) var funksjonen landet hadde som hamnestat for handelen med varer i Austersjøen. Tekstilindustrien vart grunnlagt under Tsar-Russland, men fyrst i etterkrigstida vart det bygd opp ein meir avansert industri i større skala, som eit ledd i den «sosialistiske arbeidsdelinga» i Sovjetunionen. Estland utvikla noko elektronisk industri, mekanisk industri og leverandørindustri til våpenindustrien i Sovjetunionen og romprogram. Det vert òg produsert olje frå oljeskifer i aust langs Narvaelva, på grensa til Russland.

For landbrukssektoren vart sovjetperioden eit sterkt tilbakeslag med tvinga kollektivisering og deportasjon av bønder. Inntektsnivået, som i 1940 var på linje med Finland sitt, låg i 1987 berre på av det inntektsnivået finnane då hadde oppnådd.BNP per innbyggjar var om lag det same i dei to landa i 1940. I 1987 var BNP per innbyggjar høvesvis 2 000 USD og 14 379 USD. Kjelde: Mart Laar – «The Estonian Economic Miracle», 7. august 2007. Heritage Foundation, ein liberalistisk tenketank i USA.

Etter sjølvstendet i 1991 har Estland raskt utvikla ein marknadsøkonomi med del- og heilprivatisering av ei rekkje industriar. Landet vart i 1994 eit av dei fyrste i verda med flat skatt uavhengig av inntekt, og i dei to neste åra vart den flate skattesatsen redusert frå 25 % til 24 % og 23 %. Estland har lagt vekt på ein stabil valuta, stimulans av utanlandske investeringar og orientering mot frihandel gjennom EU-medlemskap. Eksport bidreg til meir enn 50 % av BNP, der 80 % av den estiske handelen er med EU.

Allereie på 1990-talet var Estland det austeuropeiske landet som fekk dei største utanlandske investeringane,Mart Laar – «The Estonian Economic Miracle», 7. august 2007. Heritage Foundation. og som hadde sterkast økonomisk vekst, årleg mellom 7 og 11 % frå 2000 til 2007. Frå omkring 2006 byrja inflasjonen å auke merkbart, og veksten bremsa opp, mellom anna på grunn av ein liten og ufleksibel arbeidsmarknad der mange velferdsgode var knytte til arbeidsplassen, og ny, lønsam produksjon har utfordringar med å skaffe arbeidskraft.Baltic Business News , «Estonia on bottom of Europe by labour market freedom», 20. mai 2008.

Historisk utvikling Frå fangst til føydalisme mini|260px|Klosterstaten til Den tyske riddarordenen hadde landområde i «Livland» frå 1237 til 1561. Jordbruk, jakt og fiske i den såkalla «Kundakulturen» oppstod for 7–9 000 år sidan. Området mangla metall, og bronse måtte importerast frå Polen.Taylor, 2007, side 12. Eit fåtal romerske gjenstandar vitnar om relativ fattigdom i romartida, men jordbruket oppstod på denne tida.Economy Estonica – The rural economy in Estonia, «Natural conditions for the rural economy». Då vikingane kom på 800-talet vart Estland ein viktig transittveg til handelssentera Novgorod og Kijev. Frå Birka i Sverige var Estland ei naturleg rute søraustover for å unngå sarasenske sjørøvarar i Middelhavet. Via Estland gjekk metall austover og tømmer og pelsverk vestover. Tusenvis av myntar frå Bysants, Arabia og Tyskland vitnar om handelen.

På 1100-talet naut Estland eit slags sjølvstende, og estisk piratverksemd i Austersjøen vekte uro i Sverige og Danmark. Då danskane underla seg landet på 1200-talet, fekk Estland ei viss urban blomstring, med grunnlegginga av «Reval» og Narva som handelssentrum med danske og estiske handelsborgarar. Men i jordbruket gjekk utviklinga motsett veg. Danskane sin de facto okkupasjonsstyrke, dei tyske riddarane, delte Estland opp i føydale jordegods og innførte liveigenskap med ufrie estiske jordarbeidarar.Taylor, 2007, side 13. Eit blodig bondeopprør i 1343 avfolka delar av landsbygda. Storbønder og godseigarar i området søkte tysk riddarhjelp for å slå opprøret ned, og ein svekt kong Valdemar Atterdag lét dei tyske riddarane overta kolonien for 19 000 mark sølv.Benito Scocozza & Grethe Jensen, Danmarks historie, Politiken, København 2004, side 85. Gjennom salet vart Estland tysk føydalmark dei neste 213 åra.

Utarming av landsbygda Den russiske tsaren Ivan IV la på 1580-talet under seg Narva for å få ei god utanrikshamn i vest. I 1588 gjekk han mot Tartu, og svenskane reagerte på trusselen mot austersjømakta si ved å erklære krig mot Russland. Sverige inntok Tallinn i 1561 og førte konstant krig fram til sigeren ved Narva i 1582. Krigane som følgde dei neste 25 åra, kombinert med hungersnaud i Russland 1601–03, la store byrder på landbruket.Acton, 1986 (1987), side 15.

Sjølv om krigføringa reduserte folketalet endå meir, heldt tyske godseigarar framleis eit grep over landsbygda. Samtidig vart den økonomiske kløfta mellom by og land større. Svenskane innførte ein tolerant handelspolitikk, og under guvernør Johan Skytte, ein tidlegare rektor ved Uppsala Universitet, vart Universitetet i Tartu opna i 1632. Boktrykking vart etablert i Tallinn og allmenn skulegang annonsert i 1697. Men utdanningsreforma fekk lita praktisk tyding for jordbruket og ein brå slutt med Peter den store sin invasjon på 1720-talet.

mini|260px|Ein «livonets» (96 kopek) frå 1757, teken i bruk i dei russiske provinsane i Baltikum. På landsbygda gjekk utviklinga under svenskane, og sidan under det russiske styret, frå gale til verre. Svenskane lét dei tyske landeigarane utøve eit endå strengare rettsregime overfor liveigne bønder. Ei ny hungersnaud i 1695–97 og 1710 reduserte folketalet med 20–30 % totalt, og med i Tallinn.Taylor, 2007, side 14. Under Den store nordiske krigen, som varde fram til 1721, vart bygda rasert i oppgjeret mellom Sverige og Russland, og den russiske okkupasjonsmakta lét tyske landeigarar vidareføre både rettshandhevinga og skatteinnkrevjinga. Liveigenskap med sal av tenarar for 4–30 rublar florerte. Napoleon si formelle oppheving av liveigenskapen i 1816 fekk ikkje reell effekt før etter nokre tiår; 200 baltisk-tyske adelsfamiliar eigde praktisk talt all den jorda 800 000 estarar arbeidde på.Taylor, 2007, side 15.

Bondefrigjering og industrialisering Eit stort bondeopprør i 1841 alarmerte den russiske regjeringa, og då Krimkrigen (1850–54) kravde nye skattar, rasjonar og mannskap, såg ikkje Moskva annan utveg enn å la estiske bønder kjøpe seg fri frå arbeidsplikta og verte frie småbønder. I 1861 fall liveigenskapen formelt i heile Russland. Russarar tok i 1890 over rettshandhevinga på landsbygda for å sikre reformene, og før 1910 var 40 % av all privat jord i Estland eigd av estarar.

Den tyske adelen førte også med seg noko utvikling. Den svært billege arbeidskrafta i Estland gjorde det lønnsamt å produsere forbruksvarer på godseigedommane, framfor å importere frå Tyskland. Tyske bryggjeri og destilleri og tysk tekstilindustri vart etablert, og med jernbana i 1870 voks også Tallinn og Tartu fram som industribyar, med estiske handelsborgarar. Omkring 1850 var estarane berre såvidt komne i fleirtal blant dei 20 000 innbyggjarane i Tallinn og dei 14 000 i Tartu. Femti år seinare hadde Tallinn 64 000 innbyggjarar, der berre 10 000 av dei var tyskarar.

Dei nye, estiske handelsborgarane konkurrerte med tyskarane om produksjon og eksport av brennevin, korn og tekstilar, og estarar som betalte skatt fekk stemmerett i lokalval frå 1877. Det vart også grunnlagt estiske aviser med opptil 10 000 i opplag. Frå 1889 fekk estiske produsentar uventa og ufrivillig drahjelp frå Moskva i konkurransen: Den «russifiseringa» som følgde som reaksjon på ekspansjonen til Tyskland under Bismarck, reduserte fyrst og fremst maktposisjonen til den tyske adelen til fordel for estiske og russiske borgarar. Dessutan skapte politikken ein estisk nasjonal motstand, som berre vart sterkare gjennom kornmangelen og kampen om matrasjonane i krigsperioden 1914–18.Acton, 1986 (1987), side 111, 176.

Økonomiske reformer i verdskrise

Estland vann sjølvstende i Den estiske sjølvstendekrigen frå 1918 til 1920. Den tysk-russiske krigføringa i den fyrste verdskrigen etterlét nok ein gong ei utarma landsbygd, og krigsfinansieringa skapte sterk inflasjon i Russland, der rubelen stadig sokk i verdi. På 1920-talet tyngde ein etterkrigsdepresjon heile Europa, og regjeringane i Estland fann det naudsynt å gjennomføre omfattande reformer.

Ei stor jordreform vart gjennomført i 1920. Tyske landeigarar fekk kompensasjon, og jordeigedomane vart fordelte blant estiske bønder. Fram til 1939 auka talet på frie bruk frå 86 000 til 140 000, og bruka vart no svært små.Economy Estonica – The rural economy in Estonia, «The development of the rural economy». Same året vart det innført ei statleg pensjonsordning og allmenn skulegang, to tunge reformer som kravde ein stabil betalingsbalanse som mål for budsjett- og valutapolitikk. Ei sterk og langvarig krise i tekstilindustrien i SovjetunionenNove, 1992, side 89. gav betre eksporttilhøve for den estiske.

I 1929 etablerte Estland sin eigen valuta, kroon, og ein sjølvstendig sentralbank. Regjeringane var kortvarige og ustabile, men kom stort sett frå sentrum-venstre med representasjon av bondeparti som kunne formulere krav til jordreformene og på den måten bremse framveksten av sterke kommunistiske rørsler.Taylor, 2007, side 19.

Estland vart hardt ramma av den store depresjonen i 1929, og i 1932 var utanrikshandelen halvert. Før og under det diktaturet som Konstantin Päts etablerte i 1934, vart utslaga av den økonomiske krisa motverka gjennom minsteprisar på smør og egg og subsidiar til oljeskiferproduksjon og nydyrking. Estland vart sjølvforsynt med bygg, kveite, rug og høy.Taylor, 2007, side 19–20. Det vart innført toll på import, og arbeidsløysa sokk drastisk. Samtidig auka ganske snart etterspurnaden frå Vest-Europa og Tyskland, og dette supplerte Estland med ein eksportleidd vekst, slik også Noreg opplevde. Før 1937 opplevde Estland mangel på arbeidskraft.

Eksporten omfatta tekstilar, meieriprodukt og andre landbruksvarer, med fokus på handel med Vest-Europa. Berre 3 % av utanrikshandelen involverte Russland. Produksjon av oljesand starta omkring 1925, men eit større volum vart ikkje produsert før på 1950-talet under sovjetokkupasjonen.United States Geological Survey – Report 2005-5294 «Geology and Resources of Some World Oil-Shale Deposits», 2005.

Eksperiment i Sovjetunionen Med den sovjetiske annekteringa av Estland 18. juni–6. august 1940 vart 90 % av all privat næringsverksemd og byeigedomar over nasjonaliserte. Valutaen kroon vart avløyst av rubelen til ein svært ugunstig kurs, noko som ruinerte estiske spararar og handelsborgarar og innebar ei formidabel skattelegging av formuene folk hadde. Berre i jordbruket gjekk sovjetleiarane forsiktigare fram; i byrjinga vart større jordeigedomar stykka opp og delte ut til småbønder.Taylor, 2007, side 21. Utbreiinga av kollektivbruk gjekk seint, og svært mange bønder heldt fram med å eige gardsbruk, men måtte etter kvart selje til kollektivbruka til faste, låge prisar.

Talet på bruk i landbruketHovudkjelde: Economy Estonica – The rural economy in Estonia. 1919 1939 1949 1989 1992 1995 1999Talet på registrerte heiltidsbruk86 000139 9843 0003657 02913 51311 700