«Highway 61 Revisited» er ein song av Bob Dylan og tittelsporet på albumet hans Highway 61 Revisited frå 1965. Han var òg B-sida til singelen «Can You Please Crawl Out Your Window?» som kom seinare på året.

Highway 61 er ein veg som går frå Duluth i Minnesota, der Bob Dylan voks opp i 1940- og 1950-åra og sørover til New Orleans i Louisiana.

Songen har fem strofer. I kvar strofe skildrar nokon eit uvanleg problem som vert løyst på Highway 61. I første vers fortel Gud Abraham om å «drepe ein son for han». Gud vil at ofringa skal skje på Highway 61. Denne strofa liknar mykje på Fyrste Mosebok 22 der Gud kommanderer Abraham om å ofre den einaste sonen sin, Isak. I andre vers vert ein stakkar fyr skildra, Georgia Sam, som ikkje lenger kan hjelpast av trygdekontoret. Han vert bede om å dra ned Highway 61.

I tredjeverset er det «Mack the Finger» som har problem: «I got forty red white and blue shoe strings / and a thousand telephones that don't ring» («Eg har førti raude, kvite og blå skolisser og tuesen telefonar som ikkje ringer»). «Louie the King» løyser problemet med Highway 61. Fjerde verser er om «den andre mora» og «den sjuande sonen», begge på Highway 61.

Det femte og siste verset er ei soge om ein gamblar som keiar seg, som prøver «å skape den neste verdskrigen» («to create the next world war»). Medhjelparen hans ber han om «å setje opp billige sitjeplassar ute i sola, på Highway 61». Det er ein openberr politisk undertone i denne absurde soga.

Songen vart spelt av PJ Harvey på albumet hennar Rid of Me i 1993. Han har òg vorte spelt av Johnny Winter på det andre albumet hans, Second Winter. Han spelte songen mykje på konsertane sine og framførte songen på 30-årsjubileumet til Bob Dylan som artist i lag med Billy Joel og Johnny Cash.

I 2004 plasserte musikkmagasinet Rolling Stone songen på 364. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene, og på den oppdaterte lista deira frå 2010 var songen flytta ned til 373. plass.

Bakgrunnsstoff Songteksten Melding av William Ruhlmann på Allmusic

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Highway 61 Revisited (song)» frå , den 23. oktober 2009. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Songar frå 1965 Kategori:Songar produserte av Bob Johnston 373 Kategori:Johnny Winter-songar Kategori:Dr. Feelgood-songar Kategori:P.J. Harvey-songar Kategori:Joan Osborne-songar Kategori:Songar om vegar