«Love Minus Zero/No Limit» (vert lese «Love Minus Zero over No Limit») er ein song av Bob Dylan på albumet Bringing It All Back Home frå 1965. Songen har ein enkel melodi i E, og legg vekt på Dylan sine stadig meir kompliserte metaforar og rytmeskjema i midten av 1960-åra. Songen viser til ein slags vilkårslaus kjærleik som ikkje dømer og som ikkje vert distrahert av materielle ting.
Stil og instrument
Utgåva på Bringing It All Back Home vart spelt inn 14. januar 1965 og var produsert av Tom Wilson. Denne utgåva vart spelt inn av heile bandet som Dylan nytta på albumet med elektrisk gitar av Bruce Langhorne. Songen er melodisk med ei rekkje på tre fallande akkordar som dannar den mest iøyrefallande delen av songen. Musikken er roleg, slik at kjærleiken som vert uttrykt verkar roleg, sjølv om bilete som kapper og dolkar og ristande bruer vert ført fram i teksten. Songen har òg ei latinsk kjensle i melodien og rytmen.
Tolking «Love Minus Zero/No Limit» vart skriven som ei hyllest til den framtidige kona til Dylan, Sara Lowndes. Teksten omtalar ho på ein Zen-liknande måte, ei rekkje motsetnader, som til dømes «speaks like silence» («talar som stillheita») og er både «like ice» («som is») og og «like fire» («som eld»). Ei anna kjend linje frå songen er òg i same bane: «She knows there's no success like failure and that failure's no success at all» («Ho veit at det ikkje finst noko suksess som fiasko og at fiasko ikkje er suksess i det heile»)
Andre framføringar Dylan har spelt støtt og stadig sidan han vart skriven. Han finst på mange samlealbum som Masterpieces og konsertalbumet Bob Dylan at Budokan. Andre konsertopptak finst på The Bootleg Series Vol. 5: Bob Dylan Live 1975, The Rolling Thunder Revue, MTV Unplugged og The Concert for Bangladesh.
Andre utgåver Songen har vorte spelt av mange andre artistar, mellom andre The Turtles, The Walker Brothers, The Leaves, Judy Collins, Eric Clapton, Fleetwood Mac, Rick Nelson og Les Fradkin.
Norske versjonar Terje Mosnes skreiv ein norsk tekst for songen kalla «Natt for lange kniver» som vart framført av Inger Lise Rypdal i 1969. Ein annan norsk tekst vart skriven av Stein Erik Lunde og selt inn av Kåre Virud i 1975 med tittelen «Kjærlighet minus null».
Ettermæle I ei lesarundersøking i magasinet Mojo i 2005 vart «Love Minus Zero/No Limit» kåra til den 20. beste Bob Dylan-songen, og på ei liknande liste forma av andre musikarar hamna songen på 32. plass. I 2002 kåra Uncut songen til den 23. beste Bob Dylan-songen. Den australske musikkritkaren Toby Creswell inkluderte songen i boka si 1001 Songs: The Great Songs of All Time and the Artists, Stories and Secrets Behind Them.
Bakgrunnsstoff Teksten
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Love Minus Zero/No Limit» frå , den 20. oktober 2009. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Songar frå 1965 Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:The Walker Brothers-songar Kategori:Steve Harley-songar Kategori:Joan Baez-songar Kategori:Judy Collins-songar Kategori:The Turtles-songar Kategori:Rod Stewart-songar Kategori:Fleetwood Mac-songar Kategori:Eric Clapton-songar Kategori:Buck Owens-songar Kategori:Jackson Browne-songar Kategori:Duane Eddy-songar Kategori:Rick Nelson-songar Kategori:Åge Aleksandersen-songar Kategori:Leon Russell-songar Kategori:Fleetwood Mac-songar Kategori:Ralph McTell-songar Kategori:Inger Lise Rypdal-songar