«Kokomo» er ein song av The Beach Boys frå 1988, skriven av John Phillips, Scott McKenzie, Mike Love og Terry Melcher. Han vart gjeven ut som singel i 1988 og gjekk til førsteplassen i USA og Australia. Singelen vart gjeven ut samstundes med Tom Cruise-filmen Cocktail og filmmusikken som høyrte med.

Songen vart gjeven ut på singel med «Tutti Frutti» av Little Richard som B-side i juli 1988. Songen vart den første førsteplassen deira i heimlandet sidan «Good Vibrations» i 1966. Det var òg den einaste førsteplassen deira som Brian Wilson ikkje var involvert i.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kokomo (song)» frå , den 13. oktober 2009.

Kategori:Singlar frå 1988 Kategori:Songar frå 1988 Kategori:The Beach Boys-songar Kategori:Songar skrivne av John Phillips