Silberhorn er eit 3 695 m høgt pyramideforma fjell i Jungfrau-massivet i Bern-Alpane i Sveits. Med sin markante utsjånad er Silberhorn eit av dei mest ynda fotomotiva i Berner Oberland. Fjelltoppen ligg nordvest for toppen av Jungfrau.

Fyrste bestiginga fann stad i 1865 og gjekk langs nordvestegga. Med på toppturen var britane James John Hornby, Thomas Henry Philpot, og dei lokale fjellførarane Christian Almer, Ulrich Almer, Johann Bischof og Christian Lauener.

I eit brev i 1968 omtalar J. R. R. Tolkien Silberhorn slik han såg det då han campa nær Mürren i 1911 som «Silvertine (Celebdil) frå draumane mine».

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Silberhorn (Alpen)» frå , den 8. oktober 2009.

Kategori:Bern-Alpane Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Bern