Ismåse (Pagophila eburnea) er ein liten måse, han er einaste arten i slekta si. Han har ei sirkumpolar utbreiing og hekkar i Kanadisk Arktis, Nord-Grønland og på arktiske øyar som Spitsbergen, Frans Josefs land, Novaja Semlja og Severnaja Zemlja. Dei trekkjer sør om hausten berre over korte avstandar, det meste av populasjonen overvintrar på kanten av pakkisen, men nokre fuglar kan nå meir tempererte område. Streiffuglar kan kome så langt sør som til Danmark og Storbritannia. Den globale hekkebestanden reknar ein til om lag par, av desse trur ein at 80 prosent hekkar i Russland. Svalbardbestanden er estimert til omlag par. Ismåen hekkar i koloniar (ofte samam med krykkje eller andre sjøfuglar) i klippar (opp mot ) langs iskanten ved dei arktiske kystane. I Russland kan koloniane telje opp mot par, men på Svalbard er koloniane sjeldan større enn par, enda sjeldnare opp mot 150 par.
Skildring mini|venstre|Ismåse i flukt Denne arten er lett å identifisere. Han er ca. 43 cm, har ei anna, meir dueaktig kroppsform enn Larus-måsar, men vaksne har heilt kvit fjørdrakt, manglar den grå oversida som måsar flest har. Det tjukke nebbet er blått med en gul spiss, og beina er svarte. Skriket er eit terneliknande kriæ. Ungfuglar har mørke flekker i ansiktet, varierande mengder svarte flekker på venger og hale. Det tar to år å oppnå fullvaksen fjørdrakt.
Levesett Ismåse legg eit til tre olivenfarga egg i eit reir på bakken fora med mose, lav eller tang. Dei tar fisk og krepsdyr, smågnagarar, egg og fugleungar, men er også opportunistiske åtseletar. Ismåsane er kjente for å følgje etter isbjørn og andre rovdyr for å beite på restane av byttedyra deira.
Nedgang I perioden 1985 til 2005 blei det observert ein reduksjon på 80 % blant hekkande fuglar i Canada. Bestanden har truleg også gått ned i Russland og på Svalbard. Ein reknar med at den norske bestanden er på 400-1500 maks individ. Ismåsen kan trugast av miljøgifter, klimaendringar som gjev mindre isdekke, og petroleumsaktivitet.
Kjelder
Søk i Rødlistedatabasen Denne artikkelen bygger dels på «Ivory Gull» frå , den 27. september 2009, artikkelen gav følgjande kjelder: Harrison, P., Seabirds ISBN 0-7470-1410-8 Bull, John; Farrand, Jr., John (April 1984). The Audubon Society Field Guide to North American Birds, Eastern Region. New York: Alfred A. Knopf. ISBN 0-394-41405-5.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Artikkel om Ismåse hos Norsk Polarinstitutt
Kategori:Måsefamilien Kategori:Sjøfuglar Kategori:Fuglar i Noreg