Abraham Theodor Berge, () var ein norsk politikar frå Lyngdal i noverande Vest-Agder fylke. Han var statsminister i Noreg frå 30. mai 1923 til 25. juli 1924. Berge representerte Frisindede Venstre og var ein av stiftarane av partiet. Tidlegare statsminister Otto Bahr Halvorsen døydde etter berre to månadar i statsministerstolen i si andre regjering. Regjeringa Halvorsen gjekk av 29. mai 1923. Berge gjekk inn for å fjerna alkoholforbodet, noko som gav den nye regjeringa problem. Stortingsfleirtalet kravde ny folkerøysting om alkoholforbod, og regjeringa fall.

Riksrett Abraham Berge og seks av statsrådane hans vart i 1926 utsett for riksrettstiltale. Regjeringa Berge hadde gjort løyvingar utan å informera Stortinget. Saka var frå 1923 og løyvingane var gjort for å stø opp om Handelsbanken. Berge og statsrådane vart frikjende. Eit mindretal røysta mot frikjenning. Vurderinga ved frikjenninga gjekk på at regjeringa hadde handla i beste meining.

Sjå òg Norske regjeringar Abraham Berge si regjering

Kjelder Dødsdato frå NBL-artikkel om Berge, skriven av Sven Carstens.

Kategori:Norske statsministrar Kategori:Regjeringa Berge Kategori:Norske finansministrar Kategori:Norske kyrkje- og undervisningsministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Michelsen Kategori:Statsrådar i Regjeringa Løvland Kategori:Statsrådar i Regjeringa Konow Kategori:Statsrådar i Regjeringa Halvorsen II Kategori:Statsrådar i Regjeringa Berge Kategori:Venstrestatsrådar Kategori:Frisinnede Venstre-statsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar frå Frisinnede Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Vest-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar for Bergen Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Norske amtmenn Kategori:Fylkesmenn i Vestfold Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:Folk frå Lyngdal