mini|Levanterskyer dannar seg på austsida av Gibraltarklippen. Viento de Levante eller Levanter syner til ein austavind som bles vest i Middelhavet og er eit døme på ein gap-vind.
Skildring Vinden oppstår sentralt i Middelhavet eller rundt Balearane og bles vestover og gjennom Gibraltarsundet der han vert ekstra kraftig. Vinden fører er fuktig og fører med seg tåke og nedbør på austsida av sundet, men er tørr på vestsida, sidan fukta regnar ut i fjella mellom Algeciras og Tarifa. Vinden er kjend for å skape skyformasjonar over Gibraltarklippa. Levantervinden kan oppstår til alle tider av året, men oftast frå mai til oktober.
Gibraltarsundet I Gibraltarsundet fører vinden til ein kraftig gap-vind som kan vere farleg til sjøs, særleg når vinden bles mot tidvasstraumane. Gibraltarsundet er berre om lag 15 km på det smalaste og 55 km lang og er omgjeve av forholdsvis høge fjell. Vinden kan nå ein styrke på 10 til 20 m/s og er kraftigast vest i sundet. Høgtrykka i området fører ofte til vertikalt stabile luftlag i området og dette medverkar til kraftigare vind gjennom sundet. Under slike tilfelle kan vinden gå frå nesten stille i Alboransjøen til sterk kuling på vestsida av sundet.
Namn Namnet på vinden kjem frå levante (spansk for ‘aust’) og syner til kvar vinden kjem frå. Det motsette til levante er poniente (spansk for ‘vest’).
Sjå òg Bora Gregale Khamaseen Levantades Leveche Marinvinden Maltemi Mistralvinden Sjirokko
Kjelder Denne artikkelen bygger på «en:» frå , den 26. september 2009. oppgav desse kjeldene: Bendall, A. A., 1982: Low-level flow through the Strait of Gibraltar. Meteor. Mag., 111, 149-153 Dorman, C. E., R. C. Beardsley og R. Limeburner, 1995: Winds in the Strait of Gibraltar. Quart. J. Royal Met. Soc., 121, 1903-1921 Scorer, R.S., 1952: Mountain-gap winds; a study of the surface wind in Gibraltar. Quart. J. Royal Met. Soc., 78, 53-59
Bakgrunnsstoff Lokale middelhavsvindar Namn på vindar
Kategori:Vindar Kategori:Klima i Europa Kategori:Klima i middelhavsområdet