mini|Paul Allen (2009)

Paul Allen () er ein amerikansk forretningsmann. Saman med Bill Gates grunnla han datagiganten Microsoft, og har hatt ei sentral rolle opp gjennom historia til selskapet.

Allen studerte i si tid ved Washington State University, men slutta for å skriva programvare på heiltid. I 1975 var han med på å stifta Microsoft, og frå 1979 var han nestleiar i selskapet. Han var sentral i Microsoft fram til 2000, då han gjekk ut av styret.

Seinare har blant anna Allen gjort seg bemerka som eiar av dei amerikanske profesjonelle idrettslaga Portland Trail Blazers, Seattle Seahawks og Seattle Sounders.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wikipedia» frå , den 25. september 2009. .

Kategori:Fødde i 1953 Kategori:Folk frå Seattle Kategori:USA-amerikanske forretningsfolk